Ungdom deler ikkje politikar-oppdateringar
Sjølv om dei gjerne ”likar” politikarar og oppdateringane deira, er ungdom redd for å framstå som misjonerande på Facebook.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Redd for å vera misjonerande
Det er av funna i Sarah Grøn si oppgåve Tastaturkrigere eller nyhetsjunkier?, der ho studerte danske ungdomars møte med politikarar på Facebook.
– Ein er enormt redd for å verte oppfatta som misjonerande, seier Grøn til Forskning.no.
Jamvel om ungdom fylgjer politikarar og ”likar” statusoppdateringane deira, er dei medvitne på korleis det verkar i framstillinga av seg sjølve på Facebook.
Haldningane
Ungdom er og varsame med å gå inn i den politiske debatten på Facebook. Og Grøn peikar på balansen mellom vise fram eigen politisk identitet, og det å verke misjonerande.
– Problemet er at politiske haldningar ein deler med vener, og vert synlege for kollegaer og andre kjenningar. Kanskje har desse gruppene andre haldningar seier Grøn til Forskning.no. Slik freistar ungdommar å tilpasse det dei seier til alle gruppene.
LES OGSÅ: Ungdomspartia er rekordstore
Mindre interessert
I studien vart berre 11 danske ungdommar mellom 23 og 30 år intervjua. Samfunnsforskar Johannes Andersen ved Aalborg universitet meiner likevel resultata er interessante. Han trur dei unge held seg unna debatten i kommentarfelta fordi dei er mindre interessert i politikk enn talet på fylgjarar av politikarar tilseier.
– Politikk er ikkje ein viktig del av dei unges identitet. I staden er dei opptekne av å dele eit bodskap med omverda, som eit uttrykk for identitet. Nokre gonger er det politisk, andre gonger er det musikk og kultur, seier Andersen til Forskning.no