Draumejobben bak rattet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Espevold er oppvaksen i Rubbestadneset. I dag bur ho med mann og tre born på Alvsvåg. Ho utdanna seg opphavleg til omsorgsarbeidar og arbeidde på Jensahaugen i om lag fem år. Ho fortel at ho treivst godt i jobben. Espevold likar å jobba med menneske.

Ny yrkesveg  
Dei siste to åra ho arbeidde som omsorgsarbeidar tenkte ho godt igjennom kva interesser ho har, og kva ho ønskte å arbeida med framover. Heilt frå ho var lita har interessa for trafikk vore der. Kva tyder det skiltet? Kvifor er den vegmerkinga slik? I tillegg til interesse for trafikkreglane har ho alltid elska å køyra bil. Dermed kom også ideen om å utdanne seg til sjåførlærar.

Kva ville vel vera betre enn eit yrke der ho kunne kombinere arbeid med menneske og interessa for bil og trafikk?  

Utdanning i Danmark  
Ho sjekka korleis ho kunne utdanne seg til dette yrket. I dag er det høve til å ta sjåførlærarutdanning både i Trøndelag og i Oslo. For eitt år sidan var det berre undervisning i Trøndelag. To år i Midt-Noreg borte frå familien var uaktuelt. Utdanning i Danmark var eit godt alternativ. Før ho starta utdanninga kontakta Espevold ein trafikkskule i nabokommunen for å høyra om det var høve til å få jobb der som sjåførlærar. Då ho fekk positiv attendemelding, slutta ho i jobben sin og byrja på utdanninga.  

– Då eg fortalde mine nærmaste om planane mine, fekk eg positiv respons. To månader etter var eg i Fredericia i Danmark.

LES OGSÅ: Fekk draumejobb i New York 

Byrja i januar  
– Det er ikkje all dansk som er like enkel å forstå. Var språket eit problem for deg?  

– Det var dei som sa til meg at eg skulle gje det 14 dagar, og det var sant. Etter dei første to vekene gjekk det greitt, seier Espevold. I november i fjor var ho ferdig med utdanninga. Deretter gjekk det nokre veker før utdanninga vart godkjent av norske vegstyresmakter. I slutten av januar tok ho til som sjåførlærar på Stord. Den første månaden sat ho på med andre sjåførlærarar for å få eit innblikk i korleis sjåføropplæring går føre seg i Noreg.  

Ulik pedagogikk  
Det er nemleg ein viss skilnad frå Noreg til Danmark. I Danmark er det mykje detaljert instruksjon, medan det i Noreg mykje handlar om å la elevane få prøva seg i trafikken. Samstundes har det vore ei omstilling frå dansk til norsk når det gjeld omgrep.  

– Eg har meir sansen for korleis ein gjer dette i Noreg. Her får elevane tenkje meir igjennom det dei gjer sjølve. Dei blir meir medvitne og vurderer seg sjølve og feil dei gjer på ein annan måte. Det er lærdom som dei alltid vil ha med seg. 

I Noreg er altså sjåførlærarutdanninga eit toårig løp. Espevold har fått ei mellombels godkjenning som sjåførlærar. For å få si endelege godkjenning i Noreg skal Espevold no følgja eit opplegg i 18 månader. I løpet av denne tida skal ho reflektere over opplevingane ho har som sjåførlærar, og ho skal mellom anna levera inn fleire skriftlege oppgåver. Til slutt blir det altså ei endeleg godkjenning.

LES OGSÅ: Min neste jobb 

Kan anbefalast
 – For dei som er i ein annan livssituasjon enn meg, vil eg anbefale å ta utdanninga i Noreg over to år og så vera ferdig med utdanninga. For meg og andre i min situasjon kan Danmark likevel vera eit godt alternativ. Utdanningane i Danmark er ganske ulike, så det er viktig å sjekka godt kva dei ulike utdanningane inneheld, seier Espevold.

For dei som har interesse for trafikk og kan tenkje seg eit yrke som sjåførlærar kan ho anbefale yrket på det varmaste.  

Motorsykkel
Ved sidan av undervisning og oppgåveinnlevering skal Espevold saman med nokre av dei andre lærarane byrje på motorsykkelsertifikatet no i vår. Det gler ho seg til. Når ho har motorsykkelsertifikatet vil ho vera kvalifisert til å undervise til mopedsertifikatet, men førebels konsentrerer ho seg om undervisning med personbil. 

 – Køyrer de på Stord?  

– Me køyrer mest her på Stord, men me har køyrt litt på Bømlo også. Nokre av elevane eg har hatt med meg er bømlingar.

LES OGSÅ: Viktig og vanskeleg val 

– Heilt perfekt  
– Korleis var det å ha din første time på eiga hand?  

– Eg grugleda meg litt til eg skulle setja meg framme, men det var gløymt då eg sette meg der. Då kjende eg berre at det var der eg høyrte heime. Det var veldig kjekt, seier Espevold. Etter ein månad som sjåførlærar kunne ho ikkje tenkje seg eit betre yrke.

 – Dette er heilt perfekt. Når elevane med eit stort smil om munnen går frå timen og gler seg til å fortelje heime kva dei har gjort denne dagen så blir det eit stort smil på meg òg.

Les saka i Bømlø-nytt!