– Hei, er det biskopen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik kan det høyrast ut når Ole Christian Kvamme (28) i Sagvåg tek telefonen.  

– Det starta etter eg skifta operatør for eit år sidan. Då byrja plutseleg folk å ringa.  

Det siste året har Kvamme fått telefonar frå folk som ynskjer å snakke med hans namnebror, Oslo-biskop Ole Christian Kvarme. Telefonsamtalane toppar seg no føre høgtidene.  

 – Kor ofte skjer det eigentleg, er det plagsamt?  
– Nei, det skjer ikkje så ofte at det plagar. Eg har fått flest telefonar til jul. Då var det mellom anna ein prest som ringde meg eit par gonger. Eg seier berre fint ifrå. At dei har ringt feil.    

– Du har ikkje nytta situasjonen til å leika biskop altså?  
– Hehe. Nei, eg har ikkje det. Men eg må innrømma at det freistar litt av og til. Slik som med denne meldinga her, seier han og syner fram ei tekstmelding han fekk på telefonen for nokre veker sidan. Meldingskorrespondansen går som følgjer:  «Er du biskop i Oslo? Jeg har et viktig spørsmål.» «Hei. Då har du diverre komen feil. Men du er ikkje den første som spør.» «Vil du anbefale ektepakt og særeie før ekteskapet?»

 – Det er all slags folk som tek kontakt. Han presten i jula var jo ein hyggjeleg kar. Han lo berre av heile situasjonen, seier Kvamme.  

 – Har du planar om å skifta telefonnummer no då eller? 
 – Nei. Eg er såpass lite plaga at det gjer noko. Eigentleg er det berre morosamt. Sambuaren min og kompisane mine tek det med godt humør. Det heile har blitt ein spøk, smiler Ole Christian Kvamme.  Eller biskopen, som han no spøkjefullt kallar seg.

Les saka i Sunnhordland!