Lars Mæhle får glitrande kritikkar for krimdebuten sin, som allereie er selt til Tyskland. Han har allereie planar om oppfølgjarar.

mm
Faktaboks

Lars Mæhle er fødd 6. januar 1971, er oppvaksen på Sunndalsøra og er busett i Oslo. Han har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo (1997), med hovudfagsoppgåva Lesere i og lesninger av metafiksjonslitteratur. Han arbeidde i nokre år som forlagsredaktør for pocketbøker i Gyldendal Norsk Forlag før han gjekk over til å jobbe som forfattar på heiltid.

Mæhle debuterte i 2002 med oppvekstskildringa Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper'n til Liverpool er basert på boka og hadde premiere hausten 2010. I 2005 kom den frittståande oppfølgjaren Narnia-draumar. Ungdomsromanen Harry Houdinis elefant blei utgitt i 2008. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei gjennombrotsromanen hans. I 2012 kom ungdomsromanen Fuck Off I Love You. Har òg skrive ni lettlestbøker om Knoterud FK.

Les meir på Allkunne og heimesidene hans!

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne.

Slik lyder vaskeseddelen til den nye boka til Lars Mæhle, Den mørke porten.

Forfattaren har før skrive ungdomsbøker som Keeperen til Tunisia og den prislønna fantasyromanen Landet under isen.

Den mørke porten har allereie fått strålande kritikkar.

– Korleis er det å skriva krim?

– Det er ein sjanger eg alltid har likt. Eg har jo vore innom sjangeren så vidt med Landet under isen. Eg likar veldig godt å laga plott der eg driv og lurar og fintar lesaren, seier Lars Mæhle til Framtida.no.

– Kva byrja du med då du byrja på å skriva boka?

– Eg byrjar alltid med plottet, med ramma for historia. Det er det som er den største utfordringa. Ein skal fortelja ei historie om det kriminelle som har skjedd.

LES OGSÅ: Det er inga skam å snu

Blindspor
– Visste du på førehand kven som var mordaren?

– Ja, eg visste kven lesaren skulle tru var mordaren her og der i boka. Eg måtte jo laga nokre blindspor for lesaren, ler Lars Mæhle.

– Du har skrive mange barne- og ungdomsbøker før. Kva er forskjellen mellom dei bøkene og denne krimromanen for vaksne?

– Karakterane må vera meir samansette. Ein må vera betre på psykologi, med eit høgare refleksjonsnivå. For meg har det vore å koma over ei sperre å skriva for vaksne. Eg synest det er vanskelegare å kommunisera med vaksne enn med born.

LES OGSÅ: Kan vinna Uprisen igjen

– Sjølvmotseiande

Denne våren gjev Samlaget ut to nye krimromanar – av både Lars Mæhle og forfattarduoen Kroken & Kolden. Det er ikkje ofte det blir gjeve ut nynorske krimbøker. Kvifor ikkje?

– Det er eit eller anna sjølvmotseiande i å skriva ein bestseljande sjanger på eit ikkje-best-seljande språk, seier Lars Mæhle.

Sjølv hadde forfattaren bokmål på skulen i Sunndal, der han vaks opp. Men det var først då han byrja å skriva på nynorsk at han fekk gi ut bøker. Då hadde han skrive kring 25 manus sidan han var 18 år, og blitt refusert alle gongene.

– Eg fann ut at nynorsk ligg nærmare dialekten og måten eg uttrykkjer meg på, forklarar Mæhle.

LES OGSÅ: Korleis overleva ungdomsskulen?

Prestisjetungt
Ein ting er sikkert, boka hans kjem òg på tysk. Forlaget til John le Carré, Liza Marklund og Jo Nesbø, det prestisjetunge Ullstein Buchverlag satsar på Lars Mæhle.

Og det er truleg ikkje siste gong me høyrer frå Lars Mæhle og Ina Grieg.

– Eg har byrja å sysla med ein oppfølgjer, men eg veit ikkje kva tid den vil vera ferdig.

Ei bok han har kome lenger med er oppfølgjaren til Landet under isen.

– Eg håpar boka vil koma til neste år, avsluttar forfattaren.
 

QUIZ: Prøv deg på den store krimquizen vår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE