Korleis overleva ungdomsskulen?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje alle debutforfattarar får boka gjort om til film. Men Lars Mæhle frå Sunndalsøra er ein av dei heldige. Det er no åtte år sidan Keeper’n til Tunisia kom. Og filmen Keeper’n til Liverpool har trilla fem i dei fleste store avisene, bortsett frå Dagbladet som gav filmen fire.

Jo Idstad ein 13 år gamal, skulesmart gut er overtydd om at livet er livsfarleg. Viss ein skal overleva ungdomsskulen, gjeld det å unngå dødsfeller som bøllete medelevar, helsefarleg sport og søte jenter. Og heller satsa på harmlause aktivitetar som likningar og fotballkort. Alt går etter planen, heilt til det byrjar ei ny jente i klassen: Mari.

Ho er god i fotball og rå i matte. Og supersøt…

Prisløna
Lars Mæhle har skrive fleire bøker for barn og unge. I fjor fekk han sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.