Kan vinna Uprisen igjen
Ungdom har nominert dei fem beste ungdomsbøkene frå 2012 til Uprisen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framandfrykt, fascisme, kjærleik, erotikk og fantasy er noko av det dei nominerte bøkene handlar om.
– Me meiner dette er veldig ulike bøker som treff eit breitt spekter av ungdom, seier nominasjonsjuryen.
– Bøkene me har vald skil seg tydeleg ut, dette er dei bøkene som er best likt og som har skapt mest engasjement, seier Marie Drønnen (15) frå Ålesund, Silje Benedicte Isebakke (14) frå Moss, og Vilde O. Loe (15) frå Ski i nominasjonsjuryen.
Lars Mæhle vann prisen i 2010, og er no nominert på nytt med Fuck Off! I love you! Han kan i så fall bli den andre nynorskforfattaren som vinn prisen to gonger. Terje Torkildsen vann i fjor Uprisen for andre gong med boka Dystopia III.
Ny rekord
Dei har i år hatt litt av ein jobb. I 2012 kom det inn heile 640 bokmeldingar av årets femti norske ungdomsbøker. Dette er ny rekord, og samtidig ei utfordring for nominasjonsjuryen som måtte lesa alle bokmeldingane.
– Det var ikkje så mykje å lesa, seier Vilde til Foreningen !les sine heimesider.
– Me har aldri fått inn så mange bokmeldingar som no, dette viser det enorme engasjementet som finst blant ungdom for lesing, seier Kristine Isaksen, daglig leiar i Foreningen !les.
QUIZ: Kven skreiv boka?
Juryklassar
– Uprisen er ein viktig pris, ungdommen får sjølv løfta fram kva dei synest er god ungdomslitteratur. Me gler oss til å høyra kva elevane meiner er den beste boka, seier ho.
Dei neste tre månadane skal seks juryklassar lesa og vurdera dei fem nominerte bøkene. Uprisen – årets ungdomsbok blir delt ut for sjuande gong under Norsk Litteraturfestivalen på Lillehammer torsdag 30. mai. Her får elevane i juryklassane også møta alle dei nominerte forfattarane.
Av dei sju bøkene som har vunne Uprisen, er fem av dei nynorske bøker.
Juryklassane er:
Ajer ungdomsskole på Hamar (Hedmark)
Rubbestadneset ungdomsskole (Hordaland)
Sagene skole (Oslo)
Smestad ungdomsskole på Lillehammer (Oppland)
St. Fransiscus skole i Arendal (Aust-Agder)
Ås ungdomsskole (Akershus)
Faktaboks
Dei fem nominerte til Uprisen 2013:
Ellen Fjestad: Sammen skal vi holde himmelen. Schibsted.
Magne Hovden: Åndejegerne. Aschehoug .
Marianne Kaurin: Nærmere høst. Aschehoug .
Lars Mæhle: Fuck Off I Love You. Samlaget.
Arne Svingen og Helene Uri: Din vakre jævel. Gyldendal.
I år har nominasjonsjuryen løfta fram fem bøker som får heiderleg omtale. Også desse bøkene var godt likt av lesarane:
Lisette Askø: Synnes puslespill. Publica bok AS.
Taran L. Bjørnstad: Picassokvinnen. Cappelen Damm.
Stein Morten Lier: Rookie. Aschehoug.
Simon Stranger: Verdensredderne. Cappelen Damm.
Siv Wyller: Hockeysveis fører til dårlige rim. Cappelen Damm.