Appelsinen som fekk nytt namn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2006 forsvann blodappelsinen frå norske butikkar. Det vil seie, sjølve appelsinen forsvann ikkje, men namnet blodappelsin blei erstatta med raud appelsin. Det viste seg at den nydøypte appelsinen plutseleg blei meir interessant for forbrukarane. Etter namneendringa blei det selt nesten dobbelt så mange av appelsinen med det karakteristisk raude, eller blodspetta om du vil, fruktkjøtet.

– Tanken på ein raud appelsin fell nok meir i smak hjå forbrukarane. Ordet blod gav kanskje litt feil assosiasjonar, seier produktsjef Cathrine Skogland i Bama.

Sjølv om appelsinen har hatt nytt namn på pakken i fleire år, trur ikkje Skogland at namnebytet nødvendigvis har festa seg i daglegtalen.

– Eg trur at folk i dag seier både blodappelsin og raud appelsin. Men fordi det no står raud appelsin på pakken kjøper nok folk meir, spesielt gjeld dette dei yngre forbrukarane.

LES OGSÅ: – Sikrare sex med vår verbbøying

Gul storebror
Dei raudspraglete appelsinane finst berre i fruktdisken i sesongen frå januar til april. Dess lenger inn i sesongen ein kjem, dess djupare blir raudfargen. Appelsinen er opphavleg ei krysning mellom bitter appelsin og vanleg appelsin.

Den vanlege gule appelsinen slår den raude ned i støvlane i talet på tonn selt i Noreg, men sjølv om salstal og saftfarge skil dei to appelsintypane, har dei også mange likskapar.

– Den raude appelsinen frå Sicilia er like sunn som den gule, men det raude pigmentet, som er ein antioksidant, gir han ein litt annan og spennande aroma, fortel Cathrine Skogland.

LES OGSÅ: Kårar det beste dialektordet

– Må tåle litt blod
I åra etter omdøypinga har salstala stort sett gått oppover for appelsinen med det raude i. Om det kjem av det mindre blodige namnet, eller av grunnar som større tilgang og betre framvising i butikkane, er ikkje lett å vite. Sikrare er det at Språkrådet helst skulle sett at butikkane framleis baud på blodappelsinar.

– Det er veldig rart at noko som minner om blod skal vere støytande for folk, blod har vi i oss alle saman. Vanlegvis ser vi jo på det å ha nok blod som noko positivt, seier rådgjevar Eilov Runnestø i Språkrådet.

Språkrådet er motstandar av at ein skal fjerne ord berre fordi dei ikkje blir sett på som passande, fortel Runnestø.

– Det ein heller kan vere på vakt for er ord som karakteriserer korleis folk ser ut. Språkrådet meiner at ein heller ikkje skal fjerne desse orda, men passe på slik at dei ikkje blir brukt støytande.

Blodappelsin ser ho derimot ikkje på som så veldig støytande.

– Blodappelsinar fanst for femti år sidan også, og ingen syntest dei var så veldig skumle den gongen. (©NPK)

Les fleire saker om språk her!

Kva namn synest du smaker best? Høyrest det finare ut med raude appelsiner?