Kvar dag tar ureint vatn livet av 1.800 småbarn. Mange fattige i verda blir også sjuke og døyr på grunn av at dei ikkje har tilgang til toalett.

NPK-NTB-DPA
NPK-NTB-DPA

To og ein halv milliard menneske, meir enn ein tredel av verdsbefolkninga, har ikkje tilgang til moderne toalett eller forsvarlege latriner. FNs visegeneralsekretær Jan Eliasson stempla torsdag dette forholdet som «utruleg».

Samtidig peika FNs barnefond Unicef på at eitt barn døyr av diaré kvart einaste minutt. Denne sjukdommen skriv seg frå mangel på reint vatn, dårleg hygiene og sviktande sanitærforhold.

– Viss 90 skulebussar fylte med barnehagebarn hadde krasja og ingen overlevde, hadde verda reagert. Noko tilsvarande skjer kvar einaste dag på grunn av vassmangel og sviktande hygiene, seier Sanjay Wijesekra i Unicef.

LES OGSÅ: Det handlar om å gå på do

Organisasjonen rettar merksemda mot dette i samband med den internasjonale vassdagen, som skal markerast fredag.

Unicef seier at rundt 783 millionar menneske rundt om i verda enno ikkje har tilgang til reint drikkevatn. Nesten halvparten av desse menneska bur i Kina, India, Nigeria, Kongo eller Pakistan. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE