Fire kommunar har fått eit eige kvalitetsmerke, «Berekraftig reisemål», og håper å trekkje fleire turistar.

NPK
NPK

– Gratulerer med dagen! sa ein feststemd næringsminister Trond Giske (Ap) til representantar frå dei fire pilotkommunane Lærdal, Vega, Røros og Trysil som var komne til Oslo for å ta imot det Innovasjon Noreg håpar at skal verte eit prestisjemerke for reiselivet: Merket for berekraftig reisemål.

I halvanna år har kommunane og Innovasjon Noreg arbeidd med å utvikle verdas aller første merkeordning for berekraftige reisemål, og resultatet er 45 kriterium som destinasjonane må oppfylle for å verte godkjende.

– Utviklinga av eit berekraftig reiseliv er ei av hovudmålsetjingane i reiselivsstrategien. Denne merkeordninga er eit konkret resultat av dette arbeidet, og syner at Noreg no markerer seg heilt i verdstoppen når det gjeld utvikling av berekraft på eit reisemål, sa Giske om den nye ordninga.

LES OGSÅ: Vill natur lokkar utlendingar

«Powered by nature»
Mange av tiltaka for å verte berekraftige reisemål er også av ganske kvardagsleg art. Det handlar om å kjeldesortere, redusere bilkøyringa og kutte i elektrisitetsbruken. I skianlegget på Trysil har løypebasane konkurranse om å bruke minst straum når dei køyrer preppemaskinane. I Lærdal har dei klart å kutte straumbruken med 100.000 kroner i Borgund stavkyrkje.

Formuleringa som går igjen blant reiselivstoppane er slagordet «Powered by nature».

– Turismen i Noreg vil alltid vere naturbasert, og det gjer det enkelt å verte eit berekraftig reisemål. Merket skal vere ei gulrot for norske destinasjonar. Samtidig er marknaden tydeleg: turistane ventar at Noreg er ein berekraftig destinasjon, seier Audun Pettersen i Innovasjon Noreg.

I Lærdal inst i Sognefjorden vonar dei at berekraft-statusen skal få turistane til å vere i bygda lengre. Dei satsar på historie, kulturminne og mattradisjonar for å lokke turistane til eit reint og lønsamt reisemål.

– Alle dei ni reiselivsverksemdene i Lærdal har no fått miljøfyrtårnsertifisering. fortel prosjektleiar Helene Maristuen i Lærdal kommune.

LES OGSÅ: Optimismen rår i bygdeturismen

Vil ha fleire berekraftige reisemål
Førebels er det berre Lærdal og dei andre pilotane som har fått merket «Berekraftig reisemål», men prosjektleiar Ingunn Sørnes seier at dei skal halde fram arbeidet med å få på plass nye berekraftige reisemål i Noreg.

– Vi har fleire kommunar som har vist interesse for prosjektet. Opphavleg var det 30 som søkte om å få bli pilot, og vi har kontakt med fleire kommunar no som ynskjer å vere med i prosjektet.

Sørnes seier at det viktigaste for eit reisemål som ynskjer å bli ein berekraftig destinasjon, er at ein må få med seg heile den lokale reiselivsnæringa, og dessutan ha forankring i kommunen. Så kan ein ta kontakt med Innovasjon Noreg og få vidare hjelp der, fortel ho. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE