Optimismen rår i bygdeturismen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass den vanskelege sommaren for mange i reiselivet, svarte 79 prosent av medlemsbedriftene i Hanen at sommarsesongen i år vart like god eller betre enn 2011-sesongen. Og så mange som halvparten av verksemdene svarte at sommaren vart betre enn venta. Dette går det fram av ei ny undersøking som næringsorganisasjonen Hanen har gjort.

– Dette er svært gode tal. Sommarsesongen er viktig for mange av medlemmene våre, men ein god del av dei har hovudsesongen no på hausten og fram mot jul, særleg matprodusentane og dei som har tilbod til kurs- og møtemarknaden, seier dagleg leiar Bernt Blucher Johanessen i Hanen.

– Men totalt må vi seie at dette viser at det har gått ganske bra for dei fleste, seier han. To av tre bygdetursimebedrifter seier at dei ser ganske eller svært optimistisk på framtida for verksemda. Og berre 3 prosent av bedriftene ser direkte mørkt på det.

Dermed trur nesten alle dei som driv med bygdeturisme og gardsmat, at verdsemda enten kan halde fram som no eller vekse i framtida.

Undersøkinga vart gjort i september, og litt under halvparten av medlemsbedriftene svarte.

Les òg: Vill natur lokkar utlendingar