Klart for verdas første saltkraftverk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først i verda med kraft frå salt

 

NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat, har no gitt Statkraft konsesjon til å byggje pilotanlegget. Anlegget kan gi verdfull kunnskap og erfaring om denne typen ny fornybar energiteknologi, skriv NVE i grunngjevinga.

NVE meiner det er liten risiko for at saltkraftverket vil ha negative verknader på miljøet i sjø eller på land.

Statkraft søkte NVE om konsesjon for saltkraftverket i haust. Høyringsrunden vart avslutta like før jul, utan at det var komme protestar eller innvendingar mot prosjektet.

Statkraft satsar på å ta ei investeringsavgjerd i 2013 og reknar med to års byggjetid før saltkraftverket står ferdig.

LES OGSÅ: Kappløp om supersolceller

Pilotanlegg

Saltkraftverket på Sunndalsøra i Møre og Romsdal vil bli det første i verda i sitt slag. Statkraft har i tre år testa ut teknologien i ein prototyp på Tofte i Hurum. Men prototypen produserte ikkje meir enn nokre få kilowatt, nok til å drive eit par kaffimaskiner.

No blir utviklinga av saltkraft teke eit steg vidare. Pilotanlegget på Sunndalsøra vil få ein effekt på 1 til 2 megawatt, og ein årleg produksjon tilsvarande forbruket i 250 til 500 husstandar.

LES OGSÅ: Satsar på kraft av flo og fjære

Osmose
Teknologien byggjer på naturfenomenet osmose. Når ferskvatn og saltvatn blir ført på kvar si side av ein halvgjennomtrengeleg membran, oppstår trykkforskjell, fordi saltmolekylane i sjøvatnet trekkjer ferskvatnet gjennom membranen. Trykket svarar teoretisk til eit vassfall på 120 meter og kan brukast i ein konvensjonell kraftturbin, skriv

Statkraft i konsesjonssøknaden.

Kraftverket er tenkt bygd på eit industriområde der Statkraft alt eig ein tomt. Ferskvatn skal hentast frå utløpet av Aura kraftverk, medan saltvatn blir pumpa frå 40 meters djup i Tingvollfjorden. (©NPK)

Faktaboks