Frp-topp er oppgitt over skulenettstad

– Det er utruleg at ungdom ikkje skal lære om krigsseglarane, men om kjønnsidentitet og nytt frå Malawi, når temaet er demokratiet vårt, seier Bente Thorsen (Frp).

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasar mot skulenettstad

I starten av mars opna kunnskapsminister Kristin Halvorsen nettstaden minstemme.no, som skal vere ein ressurs for læring om demokrati og deltaking. Bakgrunnen er hundreårsjubileet for stemmerett for kvinner og Grunnlovens 200-årsmarkering neste år.

Bente Thorsen (Frp) i Stortingets kyrkje- og undervisningskomité er oppgitt:

– Kvifor finst det ingen ting om den militære historia vår, og ikkje minst innsatsen til krigsseglarane for fridomen vår under siste krig? spør Thorsen.

Ho viser til ein artikkel om det tredje kjønn, og fakta om livet i det afrikanske landet Malawi.

– Når bakgrunnen er betydinga av demokrati, finn eg det merkeleg at ikkje noko så viktig som militærvesenet og krigsinnsatsen er omtalt, skriv Frp-aren i eit brev til kunnskapsministeren.

– Spesielt i desse tider, med tendensar til antisemittisme og oppslutning om ekstreme rørsler, er det viktig å satse på kunnskapsformidling om forsvaret og militærvesenet vårt, seier ho til Bergens Tidende.

Thorsen har også tidlegare vore i strid med statsråd Halvorsen for manglande informasjon om innsatsen til handelsflåten, både i lærebøker og undervisingsopplegg.

Kristin Halvorsen svarer i eit brev til Stortinget at nettstaden minstemme.no vil bli utvikla vidare fram til grunnlovsjubileet.

– I vidareutviklinga av nettstaden vil eg sørgje for at betydninga til militærvesenet og innsatsen til krigsseglarane i kampen mot nazismen blir varetatt, heiter det i brevet. (©NPK)

Kva meiner du? Er det for lite undervising om forsvaret vårt i skulen?