Nynorsk i 140

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Twitter er for alle og kan romme alt. Det rare er at 140 teikn ofte er for mykje, til alt, seier Per Roger Sandvik, aktiv twitrar og medlem i juryen for twitter-tevlinga ’Nynorsk i 140!’. Tevlinga blir arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå eit heilt år, med seks ulike tevlingar. Sandvik sit i juryen saman med forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, samt to representantar frå biblioteket.

– Eg trur vi kjem til å få inn mange tusen bidrag, og at kampen blir kvass og med overraskande slagkraft. Som ei god twitternovelle. Når året er omme har twitterfolket saman skapt ei omfattande nynorsk novellesamling, og nye forfattarskap er kveikte. #nynov er sanntidslitteratur, seier Per Roger Sandvik, som sjølv twitrar under aliaset @SvevePer.

LES OGSÅ: Difor bør studentar bruka Twitter

Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitter-konto, skrive ei twitter-melding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde tema. Tema for første tevling er «vår», og bidraga må vere leverte innan 3. april. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar på Deichmans avdelingar på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Deichmanske bibliotek oppfordrar òg andre bibliotek i Noreg til å henge seg på.

– Ei twitternovelle har det ei vanleg novelle har: eit drama, ei vending og noko bittersøtt, seier Vidar Kvalshaug.

– Den gode twitternovella er kvasshogd, stutt, den har sin eigen klang, ein språkleg spenst som gjer at den stig og heng i ein lenge etter fyrste lesing. Den overraskar og opnar herlege landskap., seier Sandvik.

Les meir om Språkåret 2013 her!

Twitter er eit nettsamfunn og ei mikrobloggingstjeneste som blei starta i USA i 2006, og som i dag tel meir enn 500 millionar brukarar. Det er gratis å opprette ein konto, og lett å komme i gong.

– Personleg vil eg setje høg pris på at @FrodeGrytten knaggar ei av sine daglege noveller #nynov. Utover det trur eg at poet @2rvund kan sine ord også i ei novelle. Men dette er ei tevling for alle. Difor utfordrar eg alle, også dei som til dagleg ytrar seg på bokmål. Twi, twi, seier Per Roger Sandvik.

Les saka på LNK.no!