Kampen er ferdig! Kampen er ferdig!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg synest det er vakkert når folk lar seg rive med. Når det er langrennssprint i Drammen sentrum. Når du får eit glimt at Justin Bieber på ein hotellbalkong. På fotballkamp. På festival. Når du får vite at favorittartisten din skal spele i heimbyen din, sjølv om du ærlig talt er for gammal til å bli begeistra for slikt. Når det ein laurdag i mars plutselig er ti og ein halv plussgrad og alle oppfører seg som om det var midt på sommaren, tek på seg solbrillene og sesongdebuterer med utepils.

Eg synest slikt er fint å sjå på. Eg synest det er fint å vere med på. Eg synest folk burde la seg rive med oftare.

Og eg trur folk har eit behov for å la seg rive med, som vi må få leve ut, ein eller annan plass, på ein eller annan måte. Og om ein ikkje lar seg rive med ofte nok i kvardagen, så ender ein gjerne med å la seg rive med på litt merkelige område.

For eksempel var det fleire journalistar som let seg rive med då det blei valt ny pave denne veka.

Skikkelige folk som vanligvis snakkar alvorlig og nøkternt om finanskriser og regjeringsskifte og sjukehusøkonomi, stod plutselig og hoppa og ropte: «Det kjem kvit røyk! Det kjem kvit røyk!»

Som altså betyr at det er vald ein ny pave.

Og det er jo fint at folk lar seg rive med. Sjølv om eg må innrømme at eg ville ha forstått det noko betre om dette var fans som var på konsert med Justin Bieber. Og hoppa og ropte: «No syng han ‘Boyfriend’! No syng han ‘Boyfriend’!»

Det går i det minste an å danse til ‘Boyfriend’. Det går ikkje an å danse til kvit røyk.

Men det var tydelig at dette var stort for journalistane. Ingvild Bryn var synlig begeistra då den kvite røyken kom midt under Dagsrevyen. Det blei gjentatt fleire gonger, med smil om munnen, at det altså midt i Dagsrevyen blei vald ein ny pave.

Framleis visste ingen kven den nye paven var. Noko som vel gjorde at dette ærlig talt ikkje var ei nyheit enno. At kardinalane kom til å velje ein ny pave, var vel ikkje ei stor overrasking. Det ville vore ei større overrasking om kardinalane sendte ut blå røyk og gjekk inn for å legge ned den katolske kirka.

Å vise såpass stor begeistring for at det har blitt valt ein ny pave, utan at vi eingong veit kven den nye paven er, er omtrent som om ein sportsreporter skulle vere inne på direkten etter cupfinalen og rope «Kampen er ferdig! Kampen er ferdig!» utan å fortelje kva resultatet blei.

Så det var litt rart å sjå på dei, ankerkvinnene og utanrikskorrespondentane, som smilte og hoppa og ropte medan den kvite røyken velta ut.

Litt rart. Og då kan det vere lett å le. Eller vere kritisk. Men eg vel å smile. Og klappe dei på skuldra. Eg vel å tenke at dei har nok ikkje så mange høve til å la seg rive med, journalistane. Dei må vere korrekte, dei må vere nøytrale, dei må vere flinke. Det er ikkje ofte dei kan hoppe og smile og rope i arbeidstida. Det er ikkje ofte dei kan la seg rive med. Kankje liker dei ikkje verken fotball eller Justin Bieber, så dei har ikkje så mange anledningar til å la seg rive med på fritida heller. Og, som sagt, eg synest folk burde la seg rive med oftare.

Så eg unner journalistane dette.

Men ikkje la det bli ein vane. 

 

Først publisert i Aftenposten 16. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!