Demonstrerte mot oljeboring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Me er både frå fylkestinget i Hordaland og frå Voss, seier Gerd Sivertsen Prestegard.

Ho og dei andre stillte med banner og song, for å få AUF til å hugse på å gjera jobben sin.

– Me vil syna motstanden me har mot oljeboring i nord, og få fram argumenta våre om fornybare ressursar, seier Sivertsen Prestegard.

– Framtida er oljefri
Ute i den kalde vinden, sto gjengen, og Nikolas Dale frå AUF var den einaste som kom ut.

– Me i AUF er svært einige med Natur og Ungdom i denne saka, seier Dale.

Han er fylkessekretær i AUF og lovar debatt om saka når den kjem opp i løpet av helga.

– Debatt blir det, men me får sjå når årsmøtet er over, korleis det blir, seier Dale.

Hordaland AP byrja sitt årsmøte i dag, og held på til i morgon. Dei har fleire prominerte gjester med seg, mellom anna vitjar utanriksminister Espen Barth Eide og statsråd Anne-Grethe Strøm Erichsen.

– Me kjem til å stå utanfor her i dag, litt avhenging kor kaldt det er, seier Sivertsen Prestegard.

Les saka i Avisa Hordaland!