Vann fram mot kleskjede

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tekstilarbeidarar ved ein tekstilfabrikk i Phnom Penh har vunne med sin protest mot ein tidlegare Hennes & Mauritz-leverandør, ifølgje organisasjonen Framtiden i våre hender.

Protestar
Dei 156 arbeidarane har demonstrert utanfor fabrikken Kingsland Garment i åtte veker. Årsaka er at fabrikken, som mellom anna sydde undertøy for H&M, skal ha sagt opp arbeidarar utan førevarsel og latt vere å utbetale lønningar for over to månader.

Ifølgje Framtiden i våre hender vart kambodsjanske myndigheiter, fabrikkeigarane og dei to store kjøparane Walmart og H&M einige om å utbetale kompensasjonen arbeidarane krevde i byrjinga av mars. Krava om ubetalte lønningar og sluttvederlag er til saman på over 205.000 amerikanske dollar.

– Då eg fekk høyre nyheita om at vi ville få kompensasjon byrja eg å gråte av glede. Dei siste åtte vekene har vore vanskelege og få har trudd vi kunne vinne fram i denne saka, seier Sorn Sothy, som er ein av arbeidarane, til Framtiden i våre hender.

Motviljuge
Ifølgje organisasjonen var både Walmart og H&M i utgangspunktet motviljuge til å kompensere arbeidarane. Selskapa meinte det var fabrikken sitt ansvar, ettersom dei hadde avslutta leverandørforholdet før oppseiingane fann stad.

Etter press frå arbeidarane og arbeidrettsorganiasjonar skal derimot selskapa ha gått med på å betale delar av kompensasjonen. Walmart skal betale 100.000 dollar, H&M skal ut med 45.000 dollar, og resten skal kambodsjanske myndigheiter betale.

LES OGSÅ: – Oljefondet knusar hjarta våre