Olje- og gassutslepp auka markant
Samstundes som norsk industri reduserer utsleppa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I olje- og gassindustrien har utsleppa auka med 78 prosent sidan 1990. Norsk industri har derimot redusert utsleppa med 35 prosent dei siste 20 åra, melder NPK-NTB.
Audun Rosland, direktør for klimaavdelinga i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) meiner teknologisk utvikling er hovudgrunnen til at utsleppa er monaleg redusert i industrien dei siste 20 åra, skriv Dagens Næringsliv.
Petroleumsnæringa har betalt for seg i form av avgifter og klimakvotar. Den store nedgangen i industrien meiner Rosland likevel stammar frå avtalar som er gjort mellom miljøvernmyndigheiter og industrien.
– Det har nok vore klart at det er betre for dei å gå inn i ein avtale som er ambisiøs, enn å bli utsett for avgift og kvoteplikt, seier han til avisa.
LES OGSÅ: Tog kan bli prioritert framfor veg