Hjelper straffa kvinner tilbake

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  – Aurora hjelpte meg til å kome på betre vegar, seier ”Linda”.  Ho var ein av deltakarane på prosjektet frå august 2011. Då skulle ho inn og sone ein dom, og fekk vite om prosjektet. Ho var fylgt frå før soning, under soning og i etterkant.  Medan ho var i fengselet, fekk og ho også besøk av sin kontakt i Aurora.

 – Dei ringte meg og kom på besøk. Det betydde svært mykje for meg.

– Eg trur det ville vore veldig vanskeleg å ikkje ha noko å gå til etter soning. Då eg kom ut frå fengselet var dei heilt eineståande, seier Linda. Ei veke etter at ho hadde kome ut frå fengselet, var ho i jobb.

Berre for kvinner
For tre år sidan ble prosjektet Aurora satt i gang i Bergen. Det drivast av attføringsverksemda ALF, senter for arbeidslivsforberedelse, som er hundre prosent eigd av Bergen kommune. Aurora er eit tilbod til kvinner som skal inn og sone ein dom i fengsel. Aurora følgjer kvinnene frå dei får vite om dommen, medan dei soner og når dei kjem ut igjen.  

– Vi planlegg korleis soninga skal gå best mogleg, til dømes legg til rett for praktiske ting som tannbehandling, utredning for ADHD eller legemiddelassistert behandling (LAR). Vi hjelper og kvinnene til å finne ut kva dei vil jobbe med i fengselet og hjelper dei til å finne bustad og leggje ein plan for kva dei vil gjere når dei kjem tilbake til samfunnet igjen, seier Anne Almquist, prosjektleiar i Aurora.  

Til no har prosjektet fått støtte gjennom Helsedepartementet sine Styrk-pengar, i tillegg til pengar frå Bergen kommune. No er det slutt på Styrk-pengane og Bergen kommune har ikkje prioritert Aurora.

 – Deltakarane er triste. Dei saknar oss. Vi vil kjempe for å få pengar til å byrje opp igjen til hausten. Vi trur vi vil klare. Tilbodet vårt er så bra, så politikarane kan ikkje si nei, meiner Almquist.  

Tilbodet er gratis og frivillig. I Aurora jobbar dei ein til ein, eller i grupper, med til dømes ulike motivasjonsprogram. I tillegg er det gruppetilbod som kulturgruppe og trening. Målet er at det skal vere ein raud tråd for kvinnene og gjere det lettare for dei å verte integrert i samfunnet etter enda soning.  

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Auka livskvalitet
Målet til Aurora er å gi kvinnene auka livskvalitet og hjelpe dei fram til andre hjelpetiltak og inn arbeidslivet.  

– Her hjå hos er vi ekspertar på å få folk i jobb. Og no er fleire av våre tidlegare deltarar i fast jobb eller dei har byrja å studere, seier Almquist.

Sidan byrjinga for tre å sidan har Aurora hatt 73 deltakarar i alderen 18 til 55 år. Den gjennomsnittlege Aurora-deltakaren er 32 år gammal, har rusutfordringar, har to born som ho ikkje har omsorg for og ho bur dårleg.  

– Det er ikkje lett for desse å få hjelp. Så vidt eg veit er vi eineståande i verda, i alle i Noreg, når det gjeld tilbodet vårt. Ingen har eit slikt tilbod berre for kvinner, der ein følgjer kvinnene heile løpet frå før soning til etterpå, seier Almquist.  Dei kvinnelege sonarane er i mindretal. I Bergen fengsel er det til dømes eigen rusmestringseining for menn, men ikkje for kvinner.  

– Menn har fleire tilbod enn kvinner i fengselet, seier Almquist. 

 73 deltakarar
Dei 73 Aurora-deltakarane har til saman hatt 84 born. Men berre eit fåtal av kvinnene har jamn kontakt med borna sine.  Heile 74 av desse barna har lite eller ingen kontakt med mor.

– Rusen betyr meir for dei enn ungane, får dei slengt i ansiktet heile tida. Det er mykje stigma. Kvinner skal liksom ikkje i fengsel. Er du mor, så skal du i alle fall ikkje i fengsel. Eg trur kvinner har det tøffare der menn, seier Almquist.  Ho seier kvinnene føler at dei går rundt med eit stempel i panna kor det står narkoman og kriminell.

 – Dei føler at dei ikkje er verdt noko. Vi ynskjer å syne for dei at dei er like mykje verdt som alle andre, seier Almquist.  

LES OGSÅ: Eks-narkomane ofte einsame

– Rett vest
Linda frykter kva som ville ha skjedd om ho ikkje hadde hatt tilbodet frå Aurora.  

– Då ville det gått rett vest. Eg har hatt rusproblem i mange år. Eg er berre kanonglad for at eg kom på rett veg. Dei har mykje av æra for at eg er der eg er i dag. Ho synst det er trist at tilbodet no er lagt ned.  

Styreleier i ALF, Geir Kaland, kan ikkje garantere at det vert drift igjen:

– Aurora-prosjektet har vore støtta av statlege pengar, som no er kutta. Vi jobbar for å få tilbodet opp igjen og har søkt Justisdepartementet og Bergen kommune om støtte. Vi håpar å få eit svar i sommar.