Forelda folkeopplysing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år vert det utdanna om lag 120 fyrsteårsstudentar ved Bibliotek- og informasjonsvitenskap på Høgskolen i Oslo. Samstundes er norske folkebibliotek truga av kommunale kutt og nedprioritering, i fylgje Aftenposten, som omtalte temaet i februar.

Spørsmålet er om sjølve bibliotekaromgrepet er i ferd med å verte utdatert, når digitaliserte informasjonsbasar og e-bøker gjer sitt inntog. Utdannar bibliotekarane seg til eit ikkje-eksisterande yrke?

Ny bibliotekar-e-poke
– Det handlar ikkje så mykje om bøker lenger, seier bibliotekarstudent Karl Ruben Weseth (31).


– Når folk frå høgresida kjem med utspel om at biblioteka ikkje lenger trengst på grunn av e-bøker, vert det opplevd som påstandar frå dei med makt, som ikkje ser heile biletet.

Medstudenten Ellinor Engelstad (25) nikkar ivrig og seier seg samd.

– Draumen min er å jobbe på ei barneavdeling, der eg kan spreie litteratur til unge og vera ein del av kvardagen deira, fortel Engelstad.

Weseth legg vekt på at den viktigaste rolla hans vert å finne den rett informasjonen til den som lurar.


– Folkebibliotekas rolle er fyrst og fremst å utjamne forskjellar i samfunnet, seier han.

LES OGSÅ: – Eg er dei bøkene eg les

Rådyr informasjonstilgang  
Og nett bibliotekets rolle for å utjamne dei nye skilnadane i informasjonssamfunnet vert endå viktigare i framtida, seier Knut Olav Åmås, kultur- og debattredaktør i Aftenposten. Trass av at vi er eit velståande land, viser Åmås til at det er hundretusnar som ikkje har råd til å kjøpe bøker og spel.  

– Digitaliseringa fører til at det oppstår større informasjonsbase, som berre offentlege bibliotek har råd til. I tillegg er mange av tilgangane rådyre, spesielt dei internasjonale tidsskrifta.

Den «tradisjonelle» bibliotekaren forsvinn i takt med papirbøkene. Men når ei dør lukkar seg, opnar ei anna.

– Vi treng personale for å søkje i avanserte basar. Det er ikkje noko alle kan. Vi lever i eit informasjonssamfunn, og det er ingen demokratisert tilgang til informasjonen. Her oppstår det nye skilnader, mellom dei som er gode til å finne informasjon, og dei som ikkje er det, seier Åmås.

LES OGSÅ: Halva befolkninga brukar biblioteka

Sjeldan stille
Engelstad meiner tryggleiken ved å kome til ein stad fylt med bøker er viktig, både for gamle og unge.  

– Det er eit tilbod som er lågterskel, gratis og trygt for unge gutar på ti-tolv år å gå til etter skulen. Det spelar ingen rolle om de ikkje les bøker, for sjansen er større for at dei tek med seg ei bok heim frå biblioteket enn på besøk hjå kompisar, fortel Engelstad.

Weseth framhevar stilla som noko heilt spesielt ved folkebiblioteka.

– Det er veldig viktig med biblioteket som ein rolig stad i ei verd, der stille vert meir og meir mangelvare. Det er også en sosial utjamning. Ein skal ikkje kimse av det. Nokre bur kanskje hjå familie, andre i kollektiv. Ikkje alle har råd til stille, seier Weseth.

LES OGSÅ: – Viktigare enn nokon gong

Digitalt hastverk
Bibliotekdirektør Bente R. Andreassen ved Universitetet i Oslo tykkjer det er sørgjeleg å lese om folkebiblioteka i avisa. Spesielt med tanke på at dei som ikkje har tilhøyrsle andre stader, oppsøkjer biblioteka.

– Folkebiblioteka spelar ei stor rolle som samlingsplass og kulturbyggar. Litteraturhus og folkebibliotek, det er mye som kan samordnast der. Det er veldig kortsiktig tenkt å kutte budsjetta, og eg trur faktisk det å investere i folkebiblioteka gjev gevinst på sikt, fortel Andreassen.

Universitetsbiblioteket bruker heile 83 prosent av budsjettet i 2013 på digitalisering. Andreassen meiner at utviklinga har gått altfor sakte.

– Hadde du spurt meg for ti år sidan, så ville eg trudd at vi burde vore fullstendig digitalisert no. Vi går meir og meir mot det digitale. Det har ikkje gått så fort som eg trudde, fortel Andreassen.

Knut Olav Åmås meiner forskingsbiblioteka har kome mykje lenger.

– Men digitaliseringa byrjar å haste. Brot på forhandlingar med forlagsforeininga og det at ein riktig samfunnsretta modell enno ikkje har er funne, sinker digitaliseringa, fortel Åmås.

Sjølv om stega frå papir til digitalt er små, er det framleis framsteg. Frå og med måndag har ein kunne leie e-bøker ved Deichmanske bibliotek i Oslo.

Les saka i Universitas(på bokmål)            

Faktaboks

 Norske bibliotek

Aftenposten melde i februar at folkebiblioteka i Noreg er truga av nedprioriteringar.

Trass kraftig vekst i kommunale kulturbudsjett, er det mange kommunar som kuttar i staden for å investere i biblioteka.

I 2010 var det 2454 kvinnelege og 306 mannlege bibliotekarar i Noreg.

Universitetsbiblioteket brukar 83 prosent av budsjettet i 2013 på digitalisering.

Frå 2007-2012 vart det oppretta 379 547 nye e-bøker på UiO-biblioteket. Kjelde: UiOs Strategiplan og SSB