Blir forbode å skrive SMS i bil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Frå 2. mai blir det forbode å sende tekstmelding når ein køyrer bil. I dag er det ikkje ulovleg å taste på mobilen så lenge den er fastmontert i bilen.  

– Trafikktryggleik er prioritet nummer ein. Bruk av mobiltelefon i bil kan forstyrre bilkøyring. Vi justerer derfor reglane for å gjere det enda tryggare på norske vegar, seier samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding.  

LES OGSÅ: Nullpunktet

Regjeringa har gjort endringar i regelverket for bruk av mobiltelefon når ein køyrer bil.  Dei nye reglane betyr at det kun er lov å bruke tastaturet på mobilen til å starte og avslutte ei samtale. Men da må telefonen vere fastmontert eller integrert i bilen.  All anna bruk av tastaturet under køyring, som tekstmeldingar, blir forbode. 

Utrykningspolitiet (UP) vil slå hardt ned på dei som bryt forbodet. 

Les saka i Fjuken!