Kva skjer med Bergensbanen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dagens utgåve av VG hyllar statsministeren si eiga regjering som jernbane-regjeringa, og lovar storsatsing på skinner dei neste ti åra. Dette er ei styrt lekkasje frå regjeringa sitt arbeid med nasjonal transportplan, og det er snakk om å bruka kring 60 milliardar kroner på intercitytriangelet mellom frå Oslo og ut til Tønsberg, Fredrikstad og Hamar. Men Bergensbanen og Ringeriksbanen blir ikkje nemnt med eit ord, korkje av Stoltenberg, Audun Lysbakken (SV), Liv Signe Navarsete (Sp) elller samferdsleminister Marit Arnstad (Sp).

– Eg har sett kva som står i VG, og har bede om informasjon om når det kjem noko om Bergensbanen, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) på Voss. – Men så langt har det ikkje kome svar på eposten.

LES OGSÅ: Tog kan bli prioritert framfor veg

Ikkje akseptabelt
Heller ikkje alle ordførarane på Austlandet roper høgt hurra for satsinga til regjeringa. Halden-ordførar Thor Edquist (H) seier til VG at han er utruleg skuffa over at det dobbeltspor til byen hans er omtala som «ein ambisjon» innan 2030. Det same er sagt om dobbeltspor til Lillehammer, noko Lillehammer-ordførar Espen Johnsen (Ap) ikkje er spesielt nøgd med. Men dei er i alle fall nemnt i saka, det er ikkje Bergensbanen.

– Det er ikkje akseptabelt om dette er jernbanesatsinga for heile landet, då har me ein jobb å gjera, seier Hans-Erik Ringkjøb.

LES OGSÅ: Mest vegpengar til Vestlandet

Hurtigtog
Satsinga til regjeringa går på å byggja dobbeltspor der toga skal køyra i 250 km/t, og ha avgang kvar halve time frå Oslo og til Tønsberg, Hamar og Fredrikstad. Vidare utbygging av dette triangelet er sett som ein ambisjon. Regeringa legg fram Nasjonal transportplan om nokre veker, og ifylgje VG er dette den største satsinga.

Dagleg leiar John-Ragnar Aarset i Forum Nye Bergensbanen har forståing for reaksjonen til Hans-Erik Ringkjøb. Sjølv vel Aarset likevel å sjå signala frå regjeringa som godt nytt for alle som jobbar for Bergensbanen:

– Forum Nye Bergensbanen har foreslege at regjeringa bør avgrensa InterCity-satsinga til å omfatta det indre triangelet i fyrste omgang, slik dei gjer no. Det kan gi rom for satsing på Bergensbanen, seier Aarset, og legg til:

– Eg kan for alt i verda ikkje sjå for meg at det blir lagt fram ein transportplan utan ei satsing på Bergensbanen og Ringeriksbanen.

Les saka i Avisa Hordaland!