Dei komande åra vil regjeringa bruke relativt sett meir av samferdselsbudsjettet på tog enn på veg, ifølgje Dagens Næringsliv.

NPK-NTB
NPK-NTB

Investeringar og drift av jernbane har i fleire år stått for ein dryg tredel av dei samla løyvingane til veg og bane. Delen har sidan 2002 lege på rundt 36 prosent. No skal han opp til over 40 prosent, etter det Dagens Næringsliv kjenner til.

Auken vil skje som følgje av satsinga på intercity-sambanda og nærtrafikken rundt Oslo, ifølgje signal i den komande Nasjonal transportplan (NTP).

Fordelinga av vegpengar mellom by og distrikt vil også bli endra i den komande NTP-perioden, ifølgje avisa. Delen til veg i og rundt storbyane vil bli føreslått gjort større, på kostnad av vegutbygging i distrikta. Senterpartiet skal ha gått med på dette.

Meldinga til regjeringa er varsla til etter påske. (©NPK)

Kva synest du om dette? Er det på tide at storbyane får meir av samferdslepengane?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE