Høgres programutkast med ni dissensar – blant anna om kjønnsnøytral verneplikt og valfritt sidemål.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Spørsmål om vasskrafta skal vere i offentleg eige, karakterar i barneskulen, valfritt sidemål, væpning av politiet, kontantstøtta og kjønnsnøytral verneplikt er blant dei sakene som vil skape størst diskusjon på landsmøtet til Høgre i mai.

– Desse punkta synleggjer usemje, men dissensane gjeld ikkje for hovudsakene våre, seier leiar i programkomiteen i Høgre Bent Høie som måndag presenterte forslaget sitt.

Programkomiteen kjem med ei delt innstilling i ni av forslaga sine. Blant anna er det usemje om karakterar i barneskulen. Fleirtalet vil opne for at kommunane kan innføre forsøk med karakterar før ungdomsskulen, medan eit stort mindretal vil innføre obligatorisk karakterar frå femte trinn.

Det er også usemje om strukturen og finansieringa av universiteta, der eit mindretal føreslår at ingen nye universitet blir godkjent før kriteria er evaluert.

Eit fleirtal i programkomiteen til Høgre vil sikre offentleg kontroll av vasskraftressursane, medan eit mindretal vil opne for at private aktørar kan vere majoritetseigar i energiselskapa. I tillegg er innstillinga delt om eggdonasjon, kontantstøtta, valfritt sidemål i skulen og kjønnsnøytral verneplikt.

Eit knapt fleirtal vil at staten åleine skal ha vigslerett, og at trus- og livssynssamfunna berre skal vere seremonimeistrar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE