Krimforfattarane Kroken og Kolden er attende med ny bok; «Døden kjem med bussen».

Arve Danielsen/Fjuken
Arve Danielsen/Fjuken

Laurdag var det lansering av krimduoen si andre bok på Lom bibliotek. Etter suksessen med «Evig skal døden vera» kunne Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden presentere si andre bok i serien med krimbøker frå Lom.

Kroken og Kolden fekk gode kritikkar sist, og er spente på kva kritikarane vil seie om «Døden kjem med bussen».

Det er i alle fall ingen tvil om at det er stor lokal interesse for den nye krimboka. Ikkje minst er det stor spenning om kva for lokale namn og personar ein vil finne i boka.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø var ein av mange som sikra seg ei signert utgåve av boka frå krimforfattarane. Han er nok spent på å sjå om han er skriven inn i handlinga i boka. Ragnhild Kolden sa føre kommunevalet i 2011 at dersom Holø vart ordførar i Lom, skulle han bli med i boka.

LES OGSÅ: Heilt feil krim

– Ein stor dag, sa ordføraren da han gratulerte dei to lokale krimforfattarane.

Vi skal ikkje røpe kven som er nemnt i boka eller ikkje. Men forfattarane har gjort det originale grepet å skrive inn seg sjølve i handlinga.

– Vi er ikkje PR-kåte, men det er ikkje så mange «kjendisar» her oppi, sa Ragnhild Kolden humoristisk.

Les siste boknytt her!

Bibliotekleiar Rita Mundal intervjua dei to krimforfattarane under lanseringa. Ho var sterkt bekymra for folketalet i Ottadalen etter å ha lese halve bok.

– Boka er i tråd med offentleg politikk om å avfolke dette området, sa Ragnhild Kolden. 

Les saka i Fjuken!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE