Heilt feil krim

Alle andre har allereie omtalt og vurdert årets påske-krimromanar. Vi omtalar og vurderer i staden alle krimromanane som ikkje kom denne påska heller.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jonas Gahr Støre:
Dialogmannen

Jonas Gahr Støres krimdebut er grundig, kunnskapsrik og løysingsorientert, men kunne kanskje bydd på meir action. Det er ikkje til å komme frå at ein kjenner seg litt snytt som lesar når alle konfliktsituasjonane i ei krimbok blir løyste med samtalar og kompromiss. Den einaste biljakta i boka går føre seg med bilbelte og utan å bryte fartsgrensene.

Denne boka, som er del av ein offentlig støtta kampanje for å skape interesse for utanrikspolitiske spørsmål og betre Norges omdømme internasjonalt, handlar i uventa stor grad om forfattaren sjølv. Greitt nok at den norske utanriksministeren er helten i forteljinga. Det kan vi leve med. Men det blir kanskje litt urealistisk og einsformig med Jonas Gahr Støre i alle dei andre rollene også.

Ikkje har vi har tenkt å kritisete Støre for dette. All erfaring tilseier at det kjem det ikkje noko godt ut av.

Støre har dessutan sjølv sagt at dette er heilt greitt.
 

Heikki Holmås, Bård Vegar Solhjell og Inga Marte Thorkildsen:
Tre i toppform

Friskfyraktig ungdomskrim om tre gode venner som kjem feiande inn i ei regjering og ordnar opp i alt som er gale på rekordtid. Her blir det raljert hemningslaust med gamle og forstokka måtar å tenke på. Det heile er rett så festlig og actionfylt, men det er kanskje litt merkelig at dei tre ungdommelige og friske hovudpersonane alle er rundt førti år gamle.
 

Erik Solheim:
Undergangen

Mørk og dyster historie der verda går under etter at ein idealistisk og dyktig politikar blir pressa ut av jobben av unge, overflatiske karrierejegarar. Kanskje litt overdriven.
 

Anders Anundsen, Per-Kristian Foss m.fl.:
Kontroll- og konstitusjonskomiteen slår til igjen

Ei gruppe opposisjonspolitikarar på Stortinget har gått saman om å skrive denne mursteinen av ein krimroman om den aldri kvilande kontroll- og konstitusjonskomiteen som kjempar ein einsam og heroisk kamp for moral og orden i eit gjennomkorrupt og lovlaust samfunn.

Mange vil kanskje reagere på tonen i boka, og meine at det blir litt for mykje. Her er eit utdrag, så kan du dømme sjølv:

«Kontroll- og konstitusjonskomiteen var trøtt. Veldig trøtt. Det hadde blitt nok en natt uten søvn. Også denne natta hadde han blitt sittende oppe for å lese nettaviser. I tilfelle det dukket opp en ny avsløring om vennetjenester i regjeringen. Kanskje hadde en statsråd støttet en organisasjon hun likte? Kanskje hadde en statsråd gitt penger til en sak hun var for? Det var ingen grenser for hva dagens maktmennesker kunne finne på for å fremme sine egne interesser, og kontroll- og konstitusjonskomiteens jobb var å aldri la dem hvile. Synderne skulle tas. Det var en beinhard jobb, det ble mange søvnløse netter, men samfunnet ville bryte sammen hvis ingen orket å gjøre jobben.»

Det er mykje slikt i denne boka, og det blir trøttande i lengden. Og apropos lengden: Sjelden har vi lese ein kriminalroman med tynnare intrige og mindre framdrift. 2900 sider om at nokon skal ha vore i nokons fødselsdag er rett og slett for mykje. Spesielt når romanen sluttar med eit løfte om at denne historia berre så vidt har begynt.
 

Mulla Krekar/Brynjar Meling:
Tar deg! Tulla!

Forma på denne krimromanen er noko uvant. Her er det to ulike forteljarstemmer. Den eine er morsk og truande. Den andre insisterer heile tida på at den første eigentlig ikkje er morsk og truande, men faktisk berre opplyser om korleis ting er. Direkte useriøst blir det når denne andre forteljarstemma påstår at fleire av kapitla i romanen er tatt heilt ut av sin samanheng.
 

Ikkje Anonym I Det Heile Tatt:
Mannen som gikk

Bak dette «pseudonymet» (alle forfattarane er avbilda og omtalte under fullt namn på omslaget) står fem av Norges mest profilerte politiske kommentatorar.

Ein positiv ting kan seiast om denne romanen: Det ser ut til å falle dei norske politiske kommentatorane veldig lett å skrive med ei stemme. Det har dei fått til.

Elles er det ikkje anna å seie om prosjektet enn dette: Det å skrive veldig mange gonger etter kvarandre at ein statsråd må gå av, er ikkje veldig spennande, og kan vel knapt kallast ein krimroman.


God påske!

Først publisert i Aftenposten 7. april.