Våg å tørre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle ynskje det var fleire jenter, men samstundes er det kjekt å arbeide her sjølv om det er ein mannsdominert arbeidsplass, fortel Helene Hakstad.

Hakstad er elektrolærling ved Ulstein verft og ein av dei 15 jentene som arbeider i båtproduksjonen.

Rekruttering
Lærlingsansvarleg i Ulstein Hanne Notøy (42) fortel at det faktisk var fleire kvinner som arbeida ved verftet i 1988 då ho byrja.

– I dag er det forventa og ønska av både samfunnet og foreldre at barna skal ta ein høgare utdanning, både gutar og jenter, men eg meiner det skal vere ok å velje yrkesfag, seier Notøy.

Les også:– Hindrer guttene i å rape og fise

Notøy byrja som lærling ved Ulstein verft og etter enda fagbrev arbeida ho 20 år som elektrikar der. I dag arbeidar ho med rekruttering til bedrifta. Ho meiner det er viktig å prate med ungdomsskuleelevane om kva dei går til, men at det er like viktig å prate med foreldra, sia dei har ei stor påverknadskraft på ungane sine.

Hakstad trur mange jenter er redd jobbkvardagen som elektrikar er hard, tung og vanskeleg.

– Men det stemmer ikkje. Vi får til det vi skal. Gå på yrkesmesser og oppsøk ein arbeidsplass og finn ut kva det dreier seg om, oppfordrar ho.

Arbeidskvardagen
– Ein kan ikkje klage over skit under neglene, ler Hakstad, men ser ikkje noko grunn til at kvinner ikkje kan arbeida ved båtverft. Ho fortel at ho likar seg mykje betre på ein mannsdominert arbeidsplass, enn ho har gjort på arbeidsplassar ho har hatt med berre kvinner.

Notøy meiner at arbeidsmiljø ikkje har godt av å vere 100 prosent kvinner eller 100 prosent menn.

– Eit kjønnsblanda arbeidsmiljø er det beste arbeidsmiljøet. Og dei som trur at språkbruken på eit verft er drøy, burde ta seg ei vakt på sjukeheimen, humrar ho. Her er det heller ikkje noko kviskring om at ein kollega ser brei ut over rompa. Her har vi kjeldress på, noko som gjer alle breie over rompa.

Forskjellsbehandla på grunn av kjønn har ikkje Notøy opplevd.

– Kvinner før meg tok kampen. Da eg starta var det akseptert med kvinner i mannsyrker. Da det kom arbeidskraft frå Øst-Europa skjønte dei ikkje at eg var elektrikar. Damer på verft var nok noko nytt for dei. Men anna enn det har det ikkje vore noko sak at eg er kvinne.

Flott med kvinner
Åge Cato Fredriksen, som i dag arbeidar på kabellageret, hugsar dei fyrste kvinnane som byrja å jobbe på verftet.

– Dei var sveisarar, eg tykte det var kjempefint at det endeleg var noko anna enn menn her. Alle kan bli snekrar, elektrikar, rørleggar og sveiser i dag, det er ikkje noko slit lengre. Det er kjempeflott at vi har kvinner her, smiler han.

Og Hakstad og Notøy er einige om at det er flott å arbeide med så mange menn, men dei er berre kompisar.

– Ei venninne av meg kalla det eit manneeldorado, men eg ser ikkje slik på dei, ler Notøy.

Ho meiner vi oppdrar dagens jenter til prinsesser som ender opp med å ville bli frisører og make-up-artister. Og at det ikkje skader å gjere dei litt tøffare og.

– Fleire burde velje ein karriereveg innan skipsproduksjon. Våg å tørre, det er alltid mogleg å velje om att om du tok feil.

Les også:  Det svake kjønn

Les også: Verdt å kjempe for

Høyr også: 30 om kvinnedagen

Les saka på Nernett.no!