Norge feirer hundre år med stemmerett for kvinner. Likestillingskampen er ikkje er over, men student og tobarnsmor Emilie Randeberg meiner kvinner har lite å klage på.

Sondre Åkervik, Studvest
Sondre Åkervik, Studvest
Faktaboks

STEMMERETTSJUBILEET
11. juni 2013 er det hundre år sidan norske kvinner fekk full stemmerett på lik linje med menn. Norge var blant dei første landa i verda som innførte allmenn stemmerett for både kvinner og menn.
8. mars er den internasjonale kvinnedagen.
11. juni 1913 vedtok eit enstemmig storting allmenn stemmerett. 20. juni 1847 vart kvinnesaks- og likestillingspioneren Gina Krog fødd. Den 11. og 20. juni dannar derfor rammen rundt «Stemmerettsveka».
Kilde: stemmerettsjubileet.no

LES FAKTALUKK FAKTA

 

8. mars feirer vi den internasjonale kvinnedagen. Samstundes markerer 2013 ein heilt spesielt merkedag i Norge, nemleg hundreårsjubileet for kvinners stemmerett i landet. Fram til 1913 hadde ikkje kvinner dei same rettane som menn når det kom til utdanning og yrkesliv. Kulturforskar ved UNI Rokkansenteret, Hilde Danielsen, meiner likevel at kvinnekampen langt frå er over.

– Det er framleis mykje å kjempe for. Kampen for likelønn, fordelinga av omsorgsarbeid, skjønnheitstyranniet og seksualisert vald, er viktige fanesaker i dag.

Danielsen er aktuell med boka «Da det personlige ble politisk. Kvinnebevegelsen på 1970-tallet» – den mest radikale perioden i norsk likestillingshistorie. På 70-talet var det ifølge Danielsen to saker som sameinte kvinneforkjemparane – kampen for abortlova, og kampen for økonomisk sjølvstende.

– Det gjaldt særleg lik tilgang til lønnsarbeid, og at velferdsstaten burde kome meir på bana med offentlege støtteordningar, fortel ho.

– Lite å kjempe for
I ein studentbolig på Fantoft sit geologistudenten Emilie Randeberg. For to år sidan vart ho tobarnsmor, då tvillingane Eirik og Haakon kom til verda. Trass i at ho kombinerer student- og familieliv, vil ikkje Randeberg kalle seg feminist.

– Eg veit nesten ikkje kva ein feminist er lenger. No er det heilt naturleg for alle å ta utdanning, og vere ein del av hushaldet på alle måtar. Eg forventar at han stiller opp også heime, seier Randeberg og skuar bort på sambuar, Espen Saltnes.

Som student representerer Randeberg eit mindretal i Norge. Ein levekårsundersøking blant studentar frå 2010, syner at berre seks prosent av heiltidsstudentane i landet har born og sambuar i tillegg. Sjølv ser ho på kombinasjonen mor/student som heilt ideell.

– Eg har prøvd å vere fri og frank, og sjølv om eg kanskje går glipp av ein del viktige ting i studentlivet, har det nye tilværet gitt meg eit større perspektiv på livet. Eg er ikkje berre egoistisk, og tek omsyn til andre, seier 22-åringen.

Randeberg meiner kvinner i dag står godt stilt i samfunnet, på alle frontar. Både med tanke på offentlege støtteordningar og tilrettelegginga inn mot tilværet som student og mor.

– Det er viktig for historien at vi feirer kvinnedagen. Det er ikkje utan grunn at kvinner får lov til å gå til val og ta utdanning. Fortida seier noko anna. Men det har også blitt mykje kav om det – og eigentleg føler eg ikkje kvinner har noko å hyle etter, seier Randeberg.

Nytt syn på born
I doktoravhandlinga si «Barn i byen. Foreldreskap, plass og identitet» frå 2006, skriv kulturforskar Danielsen om foreldre som let barna vekse opp i sentrumskjernen av ein by.

Danielsen peiker på eit hamskifte i synet på born, og meiner kvinnekampen på 70-talet har vore heilt avgjerande for korleis vi oppdreg born i dag.

– Barn har fått større betydning. Før handla det om reine klede, å vere lydig og ete god mat. No er det indre meir viktig. Fokuset på kjensler og intellekt hos barn har ført til eit utvida foreldreansvar som omfattar begge kjønn, seier Danielsen.

Fint å vere ung mor
Ho peikar likevel på eit paradoks ved dagens situasjon.

– Dette har auka ansvaret hos foreldre fordi born er meir i offentlege institusjonar enn før, samstundes som foreldre også ivaretek borna i desse institusjonane. På 70-talet var ein nøgd om foreldre gjekk på ein fotballkamp i ny og ne, seier Danielsen.

For Randeberg var det aldri eit spørsmål om ikkje å etterfølge studia etter endt mammapermisjon. Kvar morgon avleverer ho borna i barnehagen før ho går til lesesalen.

– For meg var det viktig å kome inn på studiet att og bli ferdig med utdanninga. Til hausten er eg 23 år og har ein bachelorgrad. At eg er ei ung mor er berre fint for gutane, seier geologistudenten.

Kakedag
Fredag 8. mars går kvinner kring i heile verda og løftar fanane i tog. Framleis ser ein reelle forskjellar mellom kvinner og menn i yrkeslivet. Det er gjennomgåande fleire menn enn kvinner i leiande stillingar, trass i at kvinner har like høg utdanning. Familielivet blir gjerne trekt fram som ein mogleg årsak til likestillingsparadokset.

Danielsen forklarar dette med eit merkeleg system.

– På den eine sida frontar norsk politikk husmornormen. På den andre sida skal kjønn vere likestillt. Det er ein dualitet som er litt rar, seier kulturforskaren.

Student Randeberg trur det har blitt vanskelegare å nå toppen, når ho no er mor.

– Det handlar om å ta utdanning først, så få born. Men for meg er det å velje sjølv ein viktigare kamp enn utdanning og lønn. Eg har nok valt vekk toppjobben, for no er det dei eg fokuserer på, seier ho, og ser bort på dei to tvillingane som leikar i bakgrunnen.

– Skal du feire 8.mars?

– Fredag er kakedag, så det passar bra. Nei, det blir vel å gratulere jentene og tenke litt ekstra på at rettane vi har ikkje kom av seg sjølv. Eg skulle gjerne vore mann, men kvinner har det fint òg. Kanskje andre synest vi har mykje å kjempe for, men kvifor skal vi gå i tog?

Les heile saka i Studvest!

Les fleire saker om likestilling her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
ANNONSE