Folk på bygda overvurderer innvandringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overvurderer innvandringa

For nokre år sidan bad forskarane Johannes Bergh og Tor Bjørklund ved Institutt for samfunnsforskning nordmenn tippe storleiken på innvandrarbefolkninga i ein studie.

– I gjennomsnitt seier folk at den ikkje-vestlege delen av befolkninga i Noreg er rundt tolv prosent. Men det faktiske talet ligg på mellom fem og sju prosent, seier Johannes Bergh til NRK.

Trass i at heile befolkninga tippar storleiken på den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga til større enn han er, er det Oslo-bebuarar som treffer best i vurderinga av innvandringsdelen. Det er folk i distriktskommunar med få innvandrarar som bommar mest, og det gjeld både lokale og nasjonale anslag.

– Jo meir «grisgrendt» ein bur, jo meir overdriv ein. I kommunar med liten innvandrarbefolkning, og i kommunar som elles er veldig homogene, vil ein innvandrar bli veldig synleg, seier Bergh.

Dette betyr ikkje nødvendigvis at folk i distrikta er meir innvandringsfiendtlege.

LES OGSÅ: Gode erfaringar med nynorsk for innvandrarar

– Det handler meir om den kunnskapen ein har når ein bur i ein liten kommune eller i liten grad er omgitt av innvandrarar. Då har ein informasjon om innvandrarbefolkninga frå media og andre kjelder som kan gi inntrykk av at denne delen av befolkninga er større enn han er, seier han.

Ein potensiell fare ved den veldige overvurderinga, er at det oppstår mytar som ikkje nødvendigvis har rot i verkelegheita. Ifølgje Bergh viste undersøkinga deira at dei som er negative til innvandring og vil ha ein strengare innvandringspolitikk, er dei som overdriv mest, skriv NRK. (©NPK)

Kva kan du om innvandring? Ta quizen!