Få teikn til meir likestilling

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei mest likestilte

Forskjell i inntekt og deltidsarbeid, og dessutan den aukande skilnaden i utdanningsnivå, er viktige likestillingsutfordringar i dei fleste kommunane, ifølgje fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

Mønsteret for den regionale likestillinga har held seg stabilt. Kommunane i Rogaland, Agder og Møre og Romsdal scorar jamt over dårlegare på indikatorane. Mange kommuner på søraustlandet, blant anna i Østfold og Telemark scorar òg lågt. Oslo og eit fleirtal av kommunane i Akershus har jamt over høg grad av likestilling. Mange kommunar i Nordland, Troms og Finnmark scorar òg høgt. Alle dei seks største byane, Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø, scorar høgt på mange av likestillingsindikatorane, sett i forhold til regionen dei ligg i.

LES OGSÅ: Vil opne auga dine

Kvinner har høgare utdanningsnivå enn menn i alle landets kommunar, og forskjellane blir stadig større. Unntaket er Bærum der menn og kvinner i snitt har akkurat like lang utdanning. 

Trass i at kvinner stadig får høgare utdanning enn menn, ser ikkje dette ut til å gi utslag i likare fordeling av deltidsarbeid og inntekt.

Kva meiner du skal til for å få til meir likestilling?