Knut Nærum vart den aller første her i landet som fekk Språkgledeprisen. Takketalen var ei liste over kva slags språk han blir glad av. Og kva ord han saknar.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Fem fakta om Knut Nærum
– har lese heile Moby Dick på engelsk, inkludert dei kjedelege kapitla
– har undervist i standupkomikk i Namibia, utan å ha vore standupkomikar sjølv
– er i ferd med å skrive Donald Duck juleheftemanus for fjerde år på rad
– truleg einaste forfattar som har skrive eit teaterstykke på bokmål, for så å omsette det til nynorsk
– kjem med ei diktsamling våren 2013
(Kilde: Knut Nærum)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Nokre ord kan ein jo ikkje bruke lenger. Dei har nærast fått motsett tyding, for eksempel forfordelt, skamrost og bjørneteneste. Eg brukte jo dei orda nesten heile tida, men det måtte eg slutte med, seier Nærum.

Spretne ord
– Prisvinnaren har spreidd språkglede blant folk flest gjennom fleire år, i fleire medium og innanfor fleire sjangrar, skryt juryen hjå Språkrådet, som står bak prisen. Nærum har sidan ungdomsåra omsett skodespel, skrive barnebøker, krimbøker, revytekster, nye tolkingar til Ibsen-klassikarar, og ikkje minst eit utal tekstar som legger grunnlaget for «Nytt på nytt», det lengstlevande programmet i gullrekkja til NRK.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs nest løgnaste

Knut Nærum blir også glad av godt språk. Sjølv funderer han ofte ein augneblink før velformulerte setningar kjem ut av munnen hans. Han likar å leike.

– Eg likar allitterasjon «lidderlig» godt. Eg likar spretne ord, ord som ein blir rar i ansiktet av å uttale. Ord som bogne, kakao, sybaritt og pappenheimar.

Nærum likar dessutan det overraskande og drepande sluttpoenget, det som parkerer ein debatt. Han blir glad av forfattarar som får sagt mykje med få ord, for eksempel Kjell Aukrust som skreiv «Noen satt og tenkte. Andre bare satt».

– Eg likar faste uttrykk, og det liturgiske ved for eksempel ein James Bond-film, der ein berre ventar på at han skal seie «Bond, James Bond». Då blir eg glad over å få høyre akkurat det eg har venta på. (©NPK)

QUIZ: Prøv deg på James Bond-quizen vår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE