Ringeriksbanen milliardmaskin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil tena milliardar på ny bane

I tillegg vil lønsemda overstiga 7 milliardar kroner for den lokale arbeidsmarknaden.

Bygging av Ringeriksbanen vil ikkje berre korta inn togferda Oslo-Bergen med ein time. I tillegg vil lønsemda overstiga 7 milliardar kroner for den lokale arbeidsmarknaden.

Utrekninga er gjennomført av COWI Samfunnsøkonomi, på oppdrag av Forum Nye Bergensbanen.

Verdien kjem fram ved at innkorta reiseveg frå Ringerike til Oslo vil knyta arbeidstakarar frå heile dette distriktet inn mot den store arbeidsmarknaden i Oslo.

Blytungt argument

– For det fyrste vert arbeidskrafta på Hønefoss meir verd når dei kan utnytta kompetansen sin i ein større arbeidsmarknad. For det andre aukar pendlinga frå Ringerike til Oslo-området, seier Bernt Sverre Mehammer, som leiar COWI si avdeling for samfunnsøkonomi.

– Dette blir eit blytungt tilleggsargument for at Ringeriksbanen må inn i Nasjonal Transportplan, fastslår Mona Hellesnes, som er styreleiar i Forum Nye Bergensbanen.

– Me får stadfesta tidlegare utgreiingar som seier at Ringeriksbanen er eit godt prosjekt.

Bybanen godt døme

Vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb er glad, men ikkje overraska, over konklusjonane.

– Hønefoss-Oslo er jo eit tenkt døme, men her finst aktive døme frå Holmestrand litt lengre sør. Raskare tog til Oslo gav dei ein eventyrleg vekst, ei rekkje døme på det same finst òg i Sverige. Og då er det ikkje vanskeleg å trekkja linene til Voss. For då ser me kva raskare tog til Bergen vil kunna gje oss av framtidig vekst. Innanfor Bergen ser ein elles same effekten alt i dag, langs Bybanen.

LES OGSÅ: Tverrpolitiske vyer om Bergensbanen

Til Stortinget

– Kva vil då du som ordførar gjera for å ta saka vidare?

– Når Hordaland Arbeidarparti samlast til fylkesårmøte midt i mars, vil ei av fråsegnene som kjem til drøfting vera frå Voss Arbeidarparti. Her føreslår me at Bergensbanen bør få status som nasjonalt prosjekt i den nye Nasjonal Transportplan, slik at finansieringa skal vera sikra uavhengig av kniving mot andre gode prosjekt. I fall fråsegna vert vedteken, reknar Ringkjøb med at ho vert send direkte til stortingsgruppa – då Nasjonal Transportplan truleg skal opp til slutthandsaming før Arbeidarpartiet sitt landsmøte kjem saman i april.

Les saka i Avisa Hordaland!