Victorias evige appell

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Historia appellerer til alle. Umogleg kjærleik, det er så enkelt. Mange kan relatere seg til det på ein eller annan måte. Alle har håpa på noko som ikkje gjekk, seier Bill Skarsgård (22).

Skarsgård spelar rolla som Otto i «Victoria». Otto er overklasseguten i den umoglege kjærleikstrekanten som den kjende historia blir spunne rundt.

I trekanten står også den vakre Victoria og møllarsonen Johannes, som blir spelt av høvesvis Iben Akerlie (24) og Jakob Oftebro (26). 1. mars har filmen noregspremiere.

Gripande
Knut Hamsuns «Victoria» har fått eit sterkt grep om publikum i både Noreg og utlandet, slår Nils M. Knutsen ved Universitetet i Tromsø fast. Knutsen er professor i litteratur og har arbeidd mykje med forfattarskapen til Hamsun, også med den berømte romanen frå slutten av 1800-talet.

– Ein fattig gut elskar ei rik overklassejente, og ho elskar han. Kjærleiken blir stoppa, og det endar tragisk. Dette er ei velbrukt hovudramme, men Hamsun er ein stor kunstnar. Han brukar patosfullt språk og løfter ei kjend historie til eit poetisk nivå, seier Knutsen.

Hamsun fornya også biletet vårt av kjærleiken, meiner professoren. I skildringane til Ibsen og Bjørnson gjer kjærleiken oss snille og gode. Hjå Hamsun får kjærleiken fram andre sider av oss. Vi kan bli slemme, sjalu og egoistiske. Forfattaren skildrar kjærleiken som ei naturkraft vi ikkje har kontroll over.

Ulykkeleg
– Vi forelskar oss framleis, og vi elskar ulykkeleg framleis. Eg trur ikkje vi er så himla ulike frå den gongen, seier regissør og manusforfattar Torun Lian, som har arbeidd med si «Victoria» nærast på heiltid i fire år.

Kva slags hindringar som står i vegen for kjærleiken, kan variere, meiner regissøren. Men arrangerte ekteskap, slik som i «Victoria», er aktuelt også i vår tid.

– Det er ikkje nødvendigvis feil, men i dette tilfellet er det éi av hindringane for Johannes og Victoria. I arbeidet mitt med stoffet ligg nok hindringa i større grad inni dei sjølve. Og dette er også likt i dag, det er heilt moderne, seier Lian.

Det er mykje meir enn lovsongen til møllarsonen Johannes av kjærleiken som har fått plass i filmen. Lian fortel at ho har arbeidd mykje med å få fram personen Victoria.

– Victoria er eit menneske av kjøtt og blod som går seg litt vill på irrgangane til kjærleiken. Til liks med dei andre karakterane, kjenner ho etter og er frykteleg forelska. Men om karakterane er forelska i kjærleiken eller i andre menneske, det kan diskuterast.

QUIZ: Prøv deg på den store bok-blir-film-quizen!

Stramt budsjett
Produksjonen har hatt i underkant av 32 millionar kroner å rutte med, og Lian karakteriserer budsjettet som «stramt». Men for få veker sidan vart filmen endeleg ferdig, og regissøren håpar no å kunne gi kinofolket ei god oppleving.

– Dersom publikum blir glade, blir eg glad. Det er viktig for meg, slik det er for alle som lagar ein film, seier ho.

Litteraturprofessor Knutsen har planlagt premierekvelden saman med andre Hamsun-interesserte og har store forventningar til filmen. Og om han trur at publikum vil kunne bli rivne med av historia også på lerretet?

– Det ville ikkje forundre meg. Victoria står i konflikt mellom å vere lojal mot familien og det å følge hjarta. Dette er problematikk som er aktuell i vår tid. Ulykkeleg kjærleik er eit usliteleg tema også i dag, seier han.

Les siste filmnytt her!

Faktaboks

Fakta om «Victoria»
* Regi: Torun Lian
* Skodespelarar: Iben Akerlie, Bill Skarsgård, Jakob Oftebro, Fridtjov Såheim, Stig Henrik Hoff, Hilde Louise Asbjørnsen, Petronella Barker, Eindride Eidsvold, Anneke Von Der Lippe, Magnus Roosmann, Amanda Ooms, Oda Djuplasti
* Produsent: John M. Jacobsen, Sveinung Golimo, Pancho Kohner
* Sjanger: Drama
* Premiere: 1. mars
* Manus: Torun Lian
* Lengd: 1 tonn. 46 min.
* Produksjonsselskap: Filmkameratene
* Aldersgrense: 11 år