Økologisk landbruk flatar ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den årlege oversikta over økologisk landbruksareal i Noreg, viser det økologiske kontrollorganet Debio at det er ein liten nedgang i økologisk areal frå 2011. Inkludert det som blir registrert som karensareal, område under omlegging til økologisk produksjon, utgjer det totale landbruksarealet til økologisk drift i Noreg 5,6 prosent.

– Flatar ut
Interesseorganisasjonen Oikos – Økologisk Norge er kritisk til at det ikkje er ein meir markant auke i økologisk landbruksareal.

– Første halvår i 2012 auka salet av økologisk mat med 11 prosent her i landet. Likevel viser dei ferske tala at den tidlegare veksten i økologiske areal no har flata ut. Det ser ut til at norske bønder no er meir avventande med omsyn til å leggje om til økologisk drift, seier dagleg leiar Regine Andersen i ei pressemelding.

Trøndelagsfylka har i dag dei største økologiske jordbruksareala. I 2012 har arealet i desse fylka likevel gått noko tilbake. I Vestfold og Østfold er det derimot notert auke i fjor.

– Buskerud, Telemark, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag er fylka har kome lengst mot målet til regjeringa om 15 prosent økologisk matproduksjon i 2020, går det fram av oversikta frå Debio.

LES OGSÅ: Bønder lite interessert i økologisk drift

Marknadsføring
Regine Andersen meiner Tine og Nortura har eit spesielt ansvar for å støtte opp om det økologiske landbruket i Noreg, men at dei ikkje følgjer opp. Ho trekkjer fram at berre 38 prosent av den økologiske mjølka Tine produserer blir brukt til økologiske produkt.

– Det ser ut til Tine og Nortura held att. Dei har vist liten innsats i marknadsføringa av økologiske produkt så langt. Det er nødvendig med mykje tydelegare marknadsføring av økologiske produkt for å auke omsetnaden, seier Andersen.

Dei siste ti åra har talet på økologiske verksemder i Noreg gått frå 384 til 736. Mengda Ø-merkte produkt i same periode har gått frå 2.200 til over 5.200.

LES OGSÅ: Økomaten blir billeggare

57 økohestar
Den same utviklinga er registrert for dei aller fleste dyreslaga. Talet på økologiske kyr er meir enn dobla i Noreg sidan 2002 og utgjer i dag 9.000 dyr. Talet på verpehøns er firedobla, medan talet på slaktegris har gått opp frå 275 registrerte økologiske grisar for ti år sidan, til nesten 1.300 dyr i dag.

Berre for sauer og lam er talet på registrerte økologiske dyr gått tilbake i tiårsperioden. Medan det i 2002 var registrert 48.000 dyr, var det tilsvarande talet i fjor 43.000.

Ifølgje den årlege oversikta frå Debio var det 57 økologiske hestar i Noreg i fjor. (©NPK)