Kulturarv som valfag frå hausten
Frå neste skuleår kan elevar i ungdomsskulen velje levande kulturarv som valfag. Lokal kultur og lokale tradisjonar blir viktig i faget.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser ei unik moglegheit for skulen til å trekkje inn lokale ressursar, seier direktør Marit Jacobsen i Norges Husflidslag til Nationen.
Grunnlaget for valfaget er faga mat og helse, kunst og handverk og musikk, og elevane skal i utgangspunktet arbeide praktisk med faget.
Også stiftinga Norsk kulturarv er positive til det nye tilbodet.
– Vi ser skulen som ein viktig arena for at barn og unge skal lære seg til å bli opptekne av eigen kulturarv, seier nestleiar Ivar Odnes til avisa. (©NPK)