– NAV betaler ut feil 10 milliardar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berekninga frå analyseselskapet viser at det er snakk om eit mørketal på minst 10 milliardar kroner. Anslaget er samanliknbart med analyser frå Sverige, meiner instituttet.

– Dette er langt frå eit overdrive anslag. Nav har eit forklaringsproblem når dei berre avdekkjer 210 svindelmillionar i fjor, seier Simen Pedersen i SAS Institute til VG.

Knut Røed ved Frischsenteret i Oslo er blant dei fremste ekspertane i landet på trygdeøkonomi. Han meiner anslaget kan vere riktig.

LES OGSÅ: Forskarar: – Arbeid for arbeid verkar

Høgres stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen meiner beløpet er ufatteleg stort og at det viser at ein har mykje å tene på å halde nede trygdesvindel.

Navs seksjonssjef Magne Fladby vil ikkje kommentere tala, men innrømmer at det i lys av tal frå Sverige kan vere snakk om store beløp også i Noreg.

Utover dette ønskjer han ikkje å kommentere saka før Proba samfunnsanalyse har lagt fram rapporten sin. Det same svaret gir Arbeidsdepartementet.

Nav forvaltar over 300 milliardar kroner, rundt ein tredel av statsbudsjettet. (©NPK)

Presisering: I overskrifta på saka i går gjekk det fram at NAV blei svindla for 10 milliardar kroner. Ifølgje Magasinet Velferd er det snakk om kring 1,5 til 2 milliardar kroner som truleg er trygdesvindel. Resten er feilutbetalingar som følgje av systemsvikt og sakshandsamingsfeil.