Auke i arbeidsløysa

Ikkje lenger oppgang i talet på arbeidsplassar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på arbeidslause steig med 11.000 frå september til desember 2012. Dei 96.000 arbeidslause i desember utgjorde 3,6 prosent av arbeidsstyrken, melder Statistisk sentralbyrå.

Arbeidskraftundersøkinga viser at det var 11.000 fleire arbeidslause personar i desember (gjennomsnitt av november-januar) enn i september (gjennomsnitt av august-oktober) 2012, justert for sesongvariasjonar.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1000 personar i løpet av same perioden. Denne nedgangen kom mellom anna blant dei ordinære tiltaksdeltakarene, medan det var ein auke blant dei registrerte arbeidslause utan krav på dagpengar.

Arbeidskraftundersøkinga viser auke i arbeidsløysa både for dei over og under 25 år – og dessutan både blant kvinner og menn. Dei 96.000 arbeidslause i desember svarte til 3,6 prosent av arbeidsstyrken, 0,4 prosentpoeng meir enn i september.

Ikkje lenger oppgang i sysselsettinga
Dei små endringane i sysselsettinga som Arbeidskraftundersøkinga har vist sidan juni 2012, representerer eit brot med ein om lag to år lang auke i sysselsettinga før den tid. Frå september til desember 2012 viser Arbeidskraftundersøkinga at sysselsettinga gjekk ned med 11.000 personar, justert for sesongvariasjonar. Dette er innanfor feilmarginen. I den same perioden auka befolkninga mellom 15 og 74 år med 14.000 personar. Sysselsettingsprosenten, som er sysselsette i prosent av befolkninga 15-74 år, gjekk dermed ned frå 69,3 prosent i september til 68,8 prosent i desember.

Uendra arbeidsstyrke
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå september til desember 2012 viser Arbeidskraftundersøkinga at talet på sysselsette gjekk ned med 11.000, og at talet på arbeidslause gjekk opp med 11.000. Talet på personar i arbeidsstyrken var dermed uendra.