– Studentar manglar vern

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Studentar har ikkje på langt nær det same rettslege vernet av læringsmiljøet sitt slik arbeidstakarar har av arbeidsmiljøet sitt. Det er noko som gjorde inntrykk på meg i tida då eg var engasjert som studentpolitikar. Viss ein ser for seg at studentane hadde hatt dei same rettane, så ville kanskje ordninga med studentombod òg vore lovfesta. For meg er det slik at mangelen på klare rettar tydeleggjer behovet for eit studentombod endå meir.

Det seier Marianne Høva Rustberggard (29). 1. februar byrja ho i jobben som Noregs første studentombod ved Universitetet i Oslo (UiO). Tidlegare har ho vore styreleiar for Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, og hatt fleire studentverv.

Trakassering
I saker der studentar varslar om til dømes trakassering, er dei ikkje verna mot represaliar på same måten som ein arbeidstakar er det gjennom arbeidsmiljølova. Varslarvernet med krav til bevisbyrde for arbeidsgjevar er ikkje den same mellom professor og student som mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.

– Målet mitt som studentombud er å bidra til ein tryggare studiekvardag og eit betre læringsmiljø, slik at studentane kjem seg gjennom studia sine. Eg er opptatt av å møta menneske på ein god måte, og av at rettstryggleiken til dei som vender seg til studentombodet skal bli tatt vare på.

I den strategiske planen for Universitetet i Oslo er det eit klart mål å likestilla læringsmiljøet og arbeidsmiljøet.

– Det er modig av Universitetet. Eit studentombod er eit handfast tiltak for å nå dette målet, seier studentombodet sjølv.

LES OGSÅ: Kjempar mot nynorskhat på Blindern

Fleire saker
Berre på dei knapt tre vekene Marianne Høva Rustberggardhar vore i jobb har det kome inn fleire saker.

– Eg byrja å få meldingar før jul, før eg byrja i jobben, og eg har også fått signal frå Studentparlamentet om at dei har saker dei ynskjer å visa vidare, seier ho.

Ho vil førebels ikkje seia noko om kva type saker ho har fått, men fortel at ho svarar på alle spørsmål og viser til rett instans, eller bistår vidare med dei sakene som treng det.

LES OGSÅ: Slår alarm om lærarutdanninga

Frigjer tid for studentpolitikarane
Studentombodet har tidlegare fått spørsmål om ikkje oppgåvene hennar tidlegare har blitt tatt vare på av studenttillitsvalde. Sjølv meiner ho at studentombodet er med på å sikra ein endå betre kontinuitet.

– Samtidig er det med på å frigi politisk kapasitet for studentpolitikarane, seier ho.

Førebels har ingen andre norske lærestader eit studentombod. Danmark fekk sitt første studentombod for nokre månader sidan ved Universitetet i København, og i Sverige er det fleire studentombod.

– Eg håpar å vera ein god ambassør for ordninga i Noreg, seier Marianne Høva Rustberggard.

Faktaboks

Har du ei sak du vil ta opp med studentombodet, er det berre til å ta kontakt med studentombodet@uio.no !