Jobbar for ei betre verd i Brussel

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å jobbe her er veldig moro, heile verda er representert og alt handlar om å finne dei beste løysingane for Europa, forklarar Finn Myrstad. I sitt femte år i Brussel, er han med på å utvikle framtidas energipolitikk, som spesialrådgjevar i Statnett.

Vi stakk innom kontoret hans i Norway House, der arbeidsdagane er lange og EU-kommisjonen er næraste nabo.

Interesse
Før han byrja i Statnett, jobba Myrstad i konsulentfirmaet Brusselkontoret. Med ein master om EU frå London School of Economics, gjekk han rett ut i fast jobb i byen.

– Det er interessa for politikk som har fått meg dit eg er i dag. Eg har alltid vore oppteken av viktige spørsmål. Slik har eg drive mykje med organisasjonsarbeid, noko vore veldig, veldig viktig, forklarar han. I tillegg til å vera leiar av Europeisk Ungdom, har han mellom anna vore med i European Youth Parlament og jobba opp mot FN.

Kva er dine beste råd for ungdom som ynskjer seg ei internasjonal karriere?

– Ta initiativ og reis ut i felt, slik skaffar du deg informasjon om korleis systema fungerar. Men noko av det viktigaste er å engasjere seg – det er gull verdt. Å prøve seg i ei trainee-stilling kan og vera veldig lurt for å skaffe seg ein fot innanfor, dei er det mange av her i byen.

Les fleire saker frå og om EU her!

Ei betre verd
– Å få jobbe med moderne energisystem med låge utslepp, gjev ei kjensle av å jobbe mot ei betre verd, seier Myrstad.

Det handlar om å skaffe Europa sikker energiforsyning og billeg fornybar energi. Europeiske land bygger ut sol- og vindkraft, men treng òg norsk vasskraft når det er lite sol og vind og stort behov for kraft. Statnett samarbeidar både med andre i kraftbransjen, og med EU-institusjonane, som kommisjonen og parlamentet. Sjølv med all ny kommunikasjonsteknologi, understrekar han kor viktig det er å vera til stades i Brussel.

– Fysisk kontakt er avgjerande for å verte del av folks bevisstheit. Å møte folk andlet til andlet har ikkje vorte mindre viktig.

– Er du ein lobbyist?

– I Noreg er omgrepet lobbyisme nærast uglesett. Men all påverknad kan jo seiast å vera lobbyisme. Det viktigaste her er jo å finne løysingar som passar alle land. Då behova er så ulike, seier ein gjerne at eit godt vedtak er eit vedtak ingen er 100 prosent nøgde med. At vi kan vera med å bidra til mindre bruk av gass og kol, er ein vinn-vinn-situasjon.

LES OGSÅ: – Dyrt å gjera Noreg til batteri

Lite privatliv
Kvardagen i Brussel er mykje jobbing, og arbeidsdagen varar gjerne til 6-7 om kvelden. Sosiale arrangement på kveldstid er i mykje større grad ein del av jobben enn det ein er vand med frå Noreg. Men Finn Myrstad likar seg i byen, som han skildrar som open og inkluderande.

– Miljøet her er spesielt, men det er lett å kome i kontakt med folk. Samstundes kan det vera ei utfordring å knyte varige vennskap, folk kjem og dreg etter to år. Så mange av festane er av typen velkomst- eller avskjed.

Tidligare i år skreiv Aftenposten om det såkalla ”Nordmarkasyndromet”, at nordmenn ynskjer nærleik til natur og friluftsliv, og slik i for liten grad vel internasjonale karrierevegar.

– Det syndromet er nok noko mest alle nordmenn i utlandet kjenner på. Men no er jo heldigvis ikkje så langt til Oslo, der eg har familie og nære vener, seier Myrstad.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Meir pragmatisk
– Noko av det fine med å jobbe her, er at ein verkeleg kan delta. Både politikarar i parlamentet og andre folk i systemet, er opne for innspel. Noko av det viktigaste er å kome inn tidlege i prosessane, forklarar Myrstad.

– Har forholdet ditt til EU endra seg medan du har jobba her?

– For meg har den norske EU-debatten vorte fjernare. Det fine med å jobbe i ei norsk bedrift, er at vi er ein del av prosessane. Vi får vera med i samarbeida uansett.

– Så eg har nok kanskje vorte meir pragmatisk, legg han til.