Ein rapport frå Språkrådet viser at over 160 statlege verksemder bryt målloven. Noregs Mållag reagerer.

NPK
NPK

Ein rapport frå Språkrådet viser at det i gjennomsnitt er litt over 11 prosent nynorsk på statlege nettsider, noko som er langt under minstekravet i målloven om 25 prosent av den eine målforma.
Øvste leiar har ansvaret

– Når staten set krav til seg sjølv, forventar ein at det blir følgt opp. Her er det offentleg tilsette som ikkje gjer jobben sin, seier mållagsleiar Håvard Øvregård til NRK.

Øvregård meiner brot på loven bør få konsekvensar.

– Det eg ser på som det mest naturlege, som eg trur vil fungera best, er at sjefar som ikkje leverer må finna seg ein ny jobb, seier Øvregård.

For det er den øvste leiaren for kvart enkelt statsorgan som har ansvaret for at målloven blir respektert.

Ingen sanksjonar
Brot på målloven stiller ingen krav til sanksjonar. I 2007 kom regjeringa med forslag om å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje følgjer målbruksreglane. Seks år etter er det framleis ingen sanksjonar å sjå.

– Det er vanskeleg balansegang å driva sanksjonar, seier statssekretær i Kulturdepartementet, Kjersti Stenseng til NRK.

Ho meiner målloven ikkje har vore utan verdi, samtidig som ho ser behovet for fornying.

– Eg trur prosentdelen hadde vore lågare om me ikkje hadde gjort dei tiltaka me har gjort. No når me går gjennom språkloven, må me sjå om me kan finna meir konkrete verkemiddel for å få opp prosenten. Det er nok mykje me kan gjera både gjennom å samordna og driva aktivt tilsyns- og rettleiingsarbeid, seier Stenseng. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
ANNONSE