Elevar skryter på nett om dårleg oppførsel

Hundrevis av norske elevar i grunnskulen og vidaregåande skule tar bilete av merknadene sine i orden og oppførsel, og legg dei offentleg ut på nettet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her hetsar dei lærarar på nett

På Facebook-nettsida «Norges latterligste anmerkninger» blei meir enn 100 lærarar hengt ut med namn. Nesten 30.000 personar følgjer Facebook-sida, der mange av lærarane blir sjikanert i kommentarfeltet, skriv VG. Sida skal no vera lukka.

Fleire lærarar som avisa har snakka med synest dette er ubehageleg.

Lærar Kurt Ivar Grovassbakk ved Gruben ungdomsskole i Mo i Rana meiner elevane skyt seg sjølv i foten ved å leggje ut bilete av den dårlege oppførselen sin.

– Ingen arbeidsgjevar vil tilsette elevane viss dei kjem over denne Facebook-gruppa, seier han.

Bente Simonsen, som arbeider med born og unges nettbruk ved Universitetet i Agder, seier fleire av tilfella på sida kunne vore politisaker.

Leiar Axel Fjeldavli i Elevorganisasjonen etterlyser kompetanseheving i skulen og auka fokus på etikk i undervisninga.

– Mobbing på sosiale medium er dessverre vorte eit samfunnsproblem. I dag kan elevane meir om bruken enn lærarane, men ikkje alle skjønnar konsekvensen av den. Derfor må dette ha høgare prioritet enn tidlegare, meiner Fjeldavli. (©NPK)