Dag og Tid med ny rekord

Lokalavisene går samla berre svakt tilbake. Dag og Tid er opplagsvinnar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dag og Tid er årets opplagsvinner blant LLA sine medlemsaviser. Den nynorske vekeavisa for kultur og politikk aukar opplaget med 403 eksemplar (4,6 prosent). Dag og Tid har no eit godkjent opplag på 9.132 eksemplar kvar veke. Avisa har aldri før hatt eit så stort opplag.

Redaktør Svein Gjerdåker kommenterer opplagsauken slik:

– Dette er gledeleg. Me tek det som eit signal på at lesarane set pris på gode tekstar, grundig journalistikk og mange ulike originale stemmer.

Sterke lokalaviser
Sjølv om det samla opplaget til lokalavisene går noko tilbake, står lokalavisene særs sterkt i folkesetnaden.

Av over 110 medlemsaviser tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) kan rundt ein fjerdedel av avisene enno feire at opplaget til papiravisene aukar i 2012. Samla sett går lokalavisene opplaget sitt ned med 1,1 prosent.

– I ei tid der papiropplaget til avisene går nedover i store dele av verda, er det imponerande at norske lokalaviser held opplaget sitt så stabilt som det gjer. At lokalavisene på papir enno står seg særs godt, skuldast at avisene våre er truverdige og at dei skriv om saker som folk synest er relevante i kvardagen. Å koma ut på papir få dagar i veka er kanskje akkurat passe i ei tid der medietilbodet aukar på digitale plattformer, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA, i ei pressemelding.

Større nedgang for større aviser
Av dei større avisene som er tilslutta Mediebedriftene, fell opplaget med 3,8 prosent. Lesartalet går ned med 5 prosent. Størst er nedgangen for VG og Dagbladet. Opplaget deira går tilbake med kring 10 prosent, samstundes som dei går fram på nett og mobil.

VG gjekk ned 23.235 eksemplar, medan talet for Dagbladet var 10.450 og Aftenposten 9.814.

Nisjeavisene auka. Morgenbladet auka opplaget med 2.240 eksemplar og Klassekampen med 963 eksemplar. Dagens Næringsliv og Finansavisen hadde begge ein liten opplagsoppgang.

Korleis trur du framtida for avisene vil bli? Korleis meiner du avisene bør tena pengar i framtida?