Med graffiti på timeplanen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Graffiti er utskjelt av einskilde og omstridd, men det er ein uttrykksform som kan hjelpa mange unge til å finna identiteten sin, og kanskje få dei til å oppdaga at dei har ein kunstnar i magen. Det kan òg vera ein portopnar for mange inn i kreative yrke, seier høgskulelærar ved Høgskolen i Harstad Torgeir Riise.

Meistringskjensle
Dei siste para åra har han jobba som miljøarbeidar ved Plastelina – ungdomshuset i Harstad – med ansvar for ulike kulturaktivitetar. Der har han blant anna lært bort sine graffitikunstar til mange unge.

– Eg var svært usikker på om dette kanskje ville føra til at det vart mykje ulovleg tagging i byen, men det har gått bra. Me er avhengig av god PR, og no har gjengen på Plastelina fått i oppdrag å dekorera ein 100 kvadratmeter stor vegg på hamna. Det blir det første hurtigrutegjestane ser når dei går i land.

– Eg har òg halde eigen graffiti-workshop for unge med ulike funksjonsnedsettingar. Den meistringskjensla dei opplevde var svært positivt å erfara. Difor er det nyttig at vernepleierstudentar blir introdusert til graffiti, saman med andre aktivitetsformar under det fagemnet som blir kalla Lekog estetikk, seier Riise.

Merka seg ut som student
Det er berre to år sidan han sjølv gjekk ut som student frå vernepleierutdanningen ved Høgskolen i Harstad. No er han i gang med masterstudiet Funksjonshemming og deltaking, og vart nyleg engasjert som høgskulelærar.

– Han utmerkte seg som ein flink og reflektert student som me difor ynskte å knyte til oss, seier seksjonsleiar Kirsti Koppen i ei pressemelding.

Torgeir Riise var ein av studentane hennar på Usedvanleg Teater, og tok sin bacheloroppgave på det, så han passar òg fint inn for å utfylle henne, fastslår seksjonsleiaren.