– Ofrar nynorskelevane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Utdanningsdirektoratet førebudd revisjon av læreplanen i norsk. Planen blei sendt på høyring før jul, og no er det knapt tre veker til svarfristen 5. mars.

Går utover nynorskelevane og nynorsken
– Med lågare læringsmål for sidemål vil mange elevar oppleve at det kan løne seg karaktermessig å velje bokmål som hovudmål – ikkje minst dersom sidemålet ikkje lenger skal vurderast med eigen karakter. Desse endringane vil forsterke språkskiftet frå nynorsk til bokmål, forklarer Sture.

– Dersom vi framleis skal vente til ungdomsskulen med å lære sidemål, og samstundes justere ned læringsmåla, vil den samla, ålmenne nynorskkompetansen bli endå mindre enn i dag. Det vil på sikt gjere det vanskeleg å rekruttere nynorskkunnige arbeidstakarar, og truge den språklege likestillinga.

LES OGSÅ: – Svekkjer sidemål utan karakter

Løftebrot
– I 2009 gjekk SV og Kristin Halvorsen til val på å «styrke nynorskopplæringen både som hoved- og sidemål». Det vi ser no, er ikkje berre ei unnlatingssynd, men det stikk motsette, påpeiker Sture, som legg til at utkastet til ny læreplan bryt med offisiell norsk språkpolitikk.

– Heile planen er designa for å stryke bokmålselevar etter håra. Nynorskelevane er det visst ikkje så farleg med – behova deira blir glatt ofra for å tekkjast bokmålselevar som er frustrerte etter mange år med dårleg sidemålsopplæring, kommenterer NMU-leiaren.

LES OGSÅ: – Nynorsken tvang meg til å utvikla språket

Kan fiksast med enkle grep
Landsstyret i NMU har nettopp vedteke ei kritisk høyringsfråsegn om saka. Dei unge nynorskforkjemparane etterlyser tidleg sidemålsstart og likestilling mellom nynorsk og bokmål.

– Å vente til ungdomsskulen med å lære sidemål er å kaste bort dei beste språklæringsåra borna har. Ved å byrje tidleg kan vi kome fordomane i forkjøpet, oppnå betre læring og la elevane få eit godt forhold til både bokmål og nynorsk, utdjupar Sture.

– Likestilte kompetansemål og karakter-/eksamensordningar for nynorsk og bokmål er eit vilkår for at opplæringa i begge skriftspråka blir prioritert i skulekvardagen. Det vil i tillegg føre til at elevar som kan både nynorsk og bokmål, vil få utteljing for dette på vitnemålet, avsluttar Sture.