Vil halde fram forsøk med røysterett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved kommunevalet i 2009 fekk 16-og 17-åringar røyste for første gong, i ei prøveordning i 20 kommunar. No vil Ap halde fram med prøveordninga. Det inneber at tenåringane kan få røysterett i somme kommunar i 2015, skriv Dagsavisen.

Ap-nestleiar Helga Pedersen, som har leidd arbeidet med nytt partiprogram, meiner det er gode argument for å vurdere å opne for at 16- og 17-åringar kan få røyste ved lokalvala.

– Somme stader ser vi at det har gitt høgare valdeltaking og stort engasjement blant ungdommane. Men vi meiner enno at det er for tidleg å konkludere med om det bør innførast som ei generell ordning. Difor ynskjer vi å vidareføre forsøket, seier Ap-nestleiaren.

AUF tek dissens i programkomiteen. Dei vedtok på landsmøtet sitt i haust å la 16-åringar få røysterett i kommunevalet permanent.

– Røynslene frå forsøksordningane er så positive at det er eit naturleg steg å ta. Det er merkbart høgare valdeltaking fleire stader, seier AUF-leiar Eskil Pedersen. (©NPK)

Kva meiner du? Er 16-åringar modne nok til å røyste i lokalval?