Jenter realiserer utanlandsstudiar

Sju av ti norske studentar kan tenkje seg å dra på utveksling. Flest jenter gjer noko med det.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest jenter gjer noko med det

Det går det fram av ei gransking Sentio Research har gjort for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Ansa, foreininga for norske studentar i utlandet.

Det er jentene som er mest ivrige til å gjere draumen om utlandet til røyndom. Det er både fleire jenter som kan tenkje seg å studere i utlandet og fleire jenter som faktisk gjer det. I mange år har dobbelt så mange jenter som gutar dratt på utveksling, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Ein smak av Afrika

Ei forklaring kan vere den generelle tendensen i høgare utdanning: I 2011 var 60 prosent av studentane i Noreg kvinner, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Det er heller ikkje utenkjeleg at det er ein samanheng mellom det at fleire jenter vel språk i grunnskulen og at fleire jenter studerer utanlands, seier Ansa-president Henriette N. Thommessen til avisa. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STUDIAR OG JOBB I UTLANDET!