Den beste musikkommunen skal kårast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landets beste musikkommune?

Det er Norsk musikkråd som står bak kåringa.

– Målet er å setja søkjelys på kva ambisjonar norske kommunar har for det lokale musikklivet sitt og heidra kommunar som satsar heilskapleg og langsiktig, heiter det i pressemeldinga frå organisasjonen.

I vurderinga kjem det mellom anna til å bli lagt vekt på i kva grad innbyggjarane har høve til å oppleva og utøva musikk, og om dei musikalske visjonane er nedfelte i kommuneplanen eller eigne strategiar.

Prisen skal delast ut på årsmøtet til organisasjonen i Trondheim 1. juni. Fram til 21. mars kan musikkentusiastar over heile landet koma med forlag til kven som fortener tittelen «Norges musikkommune 2012».

Deretter skal ein jury kåra vinnaren. I juryen sit mellom anna Arne Moslåtten frå Hellbillies og stortingsrepresentant Olemic Thommesen frå Høgre.

Kommunen som går til topps i kåringa blir heidra med eit diplom og 25.000 kroner som skal brukast på eit musikktiltak i kommunen. (©NPK)