Meir arbeid skal trygga velferda

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finansminister Sigbjørn Johnsen og statsminister Jens Stoltenberg la i dag fram regjeringa sitt syn på den økonomiske framtida til Noreg fram mot 2060.

Auka levealder vil utfordra berekrafta til velferdstilbodet viss ikkje pensjonsalderen blir auka. Finansministeren åtvarar mot at kontrakten mellom generasjonane kan bli sett på prøve.

– Hovudbodskapen er enkel, men viktig: Det er arbeid som tryggar velferda vår, også i framtida.

Sigbjørn Johnsen meiner det er viktig at også lengda på yrkeslivet aukar når levealderen aukar.

LES OGSÅ: Føreslår pensjonsalder på 80 år

– Olja er ikkje nok
Sjølv om avkastinga av oljefondet gir eit viktig bidrag til å finansiera offentlege utgifter, er fondet langt frå stort nok til å løysa utfordringane frå ein aldrande folkesetnad. Dersom me vidarefører dagens arbeidsmønster og velferdsordningar, må me auka inntektene på offentlege budsjett eller kutta i andre utgifter.

– Me må ikkje la oss blenda av gode offentlege finansar i dag og dei nærmaste åra. Nokre år lenger fram i tid kan også me stå overfor store budsjettutfordringar, seier finansminister Johnsen.

Mens økonomien vår dei siste tiåra har fått stor drahjelp frå olje- og gassverksemda, vil etterspørselen frå denne næringa etter kvart gå ned.

LES OGSÅ: – Arbeid for trygd verkar

Tryggar sårbarheita
Veksten i Kina og andre framveksande økonomiar har også løfta aktiviteten i verdsøkonomien. For Noreg sin del har dette betydd tilgang på rimelege importvarer frå desse landa, samtidig som prisane på våre eksportvarer har heldt seg oppe. Men me kan ikkje ta for gitt at dette gunstige bytteforholdet held seg.

– Sårbarheita for fall i eksportprisane understrekar kor viktig produksjonsvekst og god omstillingsevne er, og at me må vera førebudd på å møte uventa hendingar utanfrå, seier Johnsen. Statens pensjonsfond utland, handlingsregelen, trygge bankar, ein pengepolitikk for låg inflasjon og stabil produksjon og sysselsetting og det inntektspolitiske samarbeidet vårt er grunnleggande for dette, understrekar finansminister Johnsen.

Sjå nettTV frå presentasjonen av Perspektivmeldinga!

Kva bør Noreg gjera for å ikkje bruka pengar over evne?