Her skal det byggast 1065 studentbustader

250 millionar kroner til studentbustader.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her blir det 1065 studentbustader

Kunnskapsdepartementet har fordelt ein kvart milliard til bygging og rehabilitering av 1.065 studentbustader i 2013.

– Med årets tildeling vidarefører regjeringa politikken for å gi lik rett til utdanning. God studentvelferd og tilgang til rimeleg bustader for studentane er viktig for moglegheita til å kunne ta ei høgare utdanning. I ein pressa leigemarknad med høge prisar og få utleigebustader jamført med behovet, er studentbustadene særs viktige, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i ei pressemelding.

Studentsamskipnaden i Nordland har fått desidert flest bustader, med 250 av dei 1.065 einingane. Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har fått 168, medan Trondheim og Bergen har fått 100 kvar.

– Når vi har fordelt tilskotet til studentbustader for 2013 har vi lagt vekt på kor det er størst behov, og på å følgje opp og fullføra prosjekt som ein alt har byrja på. Fleire studentsamskipnader har fått løyva heile summen dei har søkt om, seier Halvorsen.

Andre faktorar som er vurdert i fordelinga er talet på internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden. To tredeler av tilskotet til studentbustader er gitt til pressområda fordi ein ser eit særskilt behov for studentbustader i dei store byane, heiter det i skrivet frå Kunnskapsdepartementet.

Faktaboks

Så mange bustader får studentsamskipnad

Sunnmøre: 45
Agder: 45
Stavanger: 42
Oslo og Akershus: 168
Ås: 54
Bergen: 100
Oppland: 10
Sogn og fjordane: 10
Buskerud: 40
Trondheim: 100
Nordland: 250
Hedmark: 65
Tromsø: 96
Vestfold: 40