Fleire kan gå frå å leiga til å eiga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Både politikarar og media har sett søkelyset på at det er vanskeleg å koma inn på bustadmarknaden, særleg etter at kravet om eigenkapital vart innført hausten 2011. 

I den offentlege debatten har det vore fokusert på at unge vaksne med ein gjennomsnittleg økonomi har problem med å etablera seg på bustadmarknaden. Nova-forskar Kristin Aarland har sett på korleis det er for dei med låge inntekter.

For hushald som leigde bustad og fekk bustøtte ved byrjinga av 2006 til byrjinga av 2009, reknar Aarland med at mellom 18 og 37 prosent av dei i staden kunne ha eigd sin eigen bustad.

LES OGSÅ: Lønsam bustadsparing

– Dei aller fleste ville òg ha klart å halde bustaden fram til slutten av 2011, påpeikar Aarland.

– Må nytta midlane betre
Rapporten syner også korleis kommunar som har etablert mange vanskelegstilte i eigen bustad jobbar.

– Det er alltid nyttig å sjå korleis kommunar som lukkast arbeider. Ikkje minst er det viktig at andre kommunar også kan lære av dette, seier  kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ein av fire treng hjelp til å kjøpa eigen bustad

Kva meiner du politikarane bør gjera for at fleire skal kunne kjøpa eigen bustad?