Draumen er å gi ut teikneseriebok

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med jobb som serieteiknar

Helen Kaldheim er elev på medie- og kommunikasjonslinja ved Etne vidaregåande skule. I løpet av hausten har teiknaren i henne for alvor blitt levande. I november blei ho med i lokalavisa Grannar sin ungdomsredaksjon og det unge talentet laga fire teikneseriestriper som sto på trykk. Responsen var så god at ho no skal levera fast annankvar veke.

– Korleis er det å få stripene sine trykt i lokalavisa?

– Eg føler at eg har kome meg eit stort steg vidare mot ein draum om å bli ein teikneserieskapar. Så det er stort for meg, og eg er veldig takknemleg for at eg får denne sjansen.

LES OGSÅ: Eit absurd, teikne univers

Karakterar
I teikneserien blir du kjent med figurane Kåre, Sofie, Bente, Anette, Tobias og naboen som blir omtala som «Han med kroppen», speglar eit bygdemiljø, der mykje rart kan oppstå.

Kåre er ein tvers igjennom traktorinteressert person og bur saman med Sofie som er ei stram dame som veit kva ho vil, og som utan tvil er sjefen i huset. Tobias er bror til Sofie, og for han er det stort sett Playstation det heile handlar om. Trass i at Tobias spelegalen, har han klart å få seg kjærast. Ho heiter Anette, og er hekta på sosiale media og Facebook. Bente bur også i bygda, og er ei typisk «Barbie-doll», som sjeldan har eigne pengar. Noko ho ikkje heng seg opp i, så lenge ho får pengar av pappa. Og så er det naboen då! «Han med kroppen» som truleg er til alle kvinners store visuelle glede, og til mannfolks store irritasjon, ifølgje Grannar.no.

Vitsebok
– Korleis får du idear til stripene dine?

– Dei fleste ideane kjem opp rett før du skal til å sovna. Då er det opp frå senga og skrive dei ned før eg gløymer dei. Nokre av idene er frå personlege opplevingar, eller så finn eg ider frå internett. Og så har ein vitsebok alltid vore god ha.

– Er karakterane inspirert av folk du kjenner?

– Nokre av dei er inspirert av personar eg kjenner. Ikkje at eg vil seia kven, så klart, hehe. Men ja, nokre av dei er, nokre er til og med ein kombinasjon av to eg kjenner. Pappa likar å tru at "Han med Kroppen" er inspirert av han, men stol på meg, det er han ikkje, ler ho.

Kåre og gjengen. Illustrasjon: Helen Kaldheim

LES OGSÅ: Nynorske zombiar inntek festival

Japan-inspirert
– Kva teikneseriar blir du inspirert av?

– Eg blir inspirert av dei fleste andre teikneseriar eg ser, spesielt Nemi. Men sidan eg har eit sterkt hjarte for japanske teikneseriar, så blir eg ganske mykje inspirert av teikneseriar som "Naruto", "Ranma 1/2" og "Yu-Gje-Oh!". Men eg finn jo òg inspirasjon frå internett så klart. På ei nettside som blir kalla Deviantart.com, der finn ein ein haug med inspirasjon.

– Likar du best å teikna på PC eller papir?

– Eg likar best å teikna på PC. Det er det eg har lært meg til å elska, i tillegg er det så mykje enklare å retta opp i ein feil på PC enn det er på papir.

– Kva vil du etter vidaregåande?

– Ja, sei det. Det å satsa på teikneserieskapar er ikkje eit vasstett yrke, og krev ikkje ei spesiell utdanning. Men eg føler meg tryggare med ein plan B i sekken, så det kan vera at eg tek lærarutdanning. Men eg er ikkje heilt sikker enno. Har framleis eitt år igjen å grubla på det. Men det er heilt klart teikneserieskapar eg vil leggja mest vekt på å bli.

Draumen er å gi ut si eiga teikneseriebok.

Sjå nokre av stripene hennar her og her!

Les meir om teikneseriar her!